TV-profilen reiste rundt i USA som 20-åring. Det var både spanande og krevjande.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg elska livet! Eg hadde eit litt naivt syn på framtida, at vi alle ein dag skulle stå saman. Kjærleik og fred på jord.

Hilde Skovdahl er kjent som heile Noregs Charter-Hilde. Ho har sjarmert sjåarar med sin fargerike og sprudlande personlegdom, først i programmet Charterfeber, og no seinast som ein av deltakarane i 24-stjernes julekalender på NRK.

Fargerik var også 20 år gamle Hilde.

– Ho der var ei glad og fargerik jente! Ho verkar jo som ho ikkje er redd for noko! hadde Skovdahl tenkt om ho møtte den 20 år gamle versjonen av seg sjølv.

Ho kan likevel avsløre at 20-åringen var redd for ganske mykje.

– Eg var veldig engsteleg av meg. Eg var redd fulle folk, mørket, og alt forferdeleg som kunne skje. Eg var nok litt drama, minnest tv-profilen.

USA-eventyr

Hilde Skovdahl var fargerik som 20-åring, og er fargerik i dag som 55-åring. | Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Då Hilde Skovdahl var 20 år, var ho i USA og reiste rundt med ein organisasjon som heiter Up with People.

– Kvardagen var kjempespanande og krevjande. Vi reiste rundt i verda, underheldt, og besøkte barneheimar, fengsel og aldersheimar. Eg budde i 40 vertsfamiliar i løpet av eit år. Eg var så proppfull av inntrykk, og følte at verda var min arbeidsplass!

20-årsdagen ville Skovdahl feire med familien, for ho hadde akkurat fått nyheita om at ho var valt ut til å bli med i Up with People.

– Dei viktigaste i livet mitt var foreldra og broren min, som eg sakna enormt då eg var ute og reiste. Dei var tryggleiken min og mitt alt.

Ei spesiell jul

Det sterkaste minnet Hilde Skovdahl har frå året ho var 20, er at ho vakna opp på eit sjukehus i Phoenix i Arizona, og ikkje ante kor ho var eller kvifor ho var der.

– Det var ei veldig skremmande oppleving. Eg var heilt aleine og veldig redd, minnest ho.

Skovdahl hadde falle saman av rein utmatting. Jula det året vart difor veldig spesiell.

– Etter å ha lege på sjukehus der, blei eg sendt heilt til Noreg aleine. Eg gløymer aldri gleda og letta av å lande på Fornebu, og i tillegg var det jul.

Beundra Mandela

Skovdahl hugsar at det året ho fylte 20, var framtida lys og full av håp.

– Nelson Mandela spaserte ut av fengselet 11. februar 1990 etter 27 år inne. Eg gløymer aldri den nyheita! Det var ei enorm glede! Berlinmuren fall 9. november 1989, minnest ho.

Charter-Hilde beundra Nelson Mandela enormt, og las bøker om han.

Fritida blei elles nytta til å lytte til musikken til Tracy Chapman. Ho hugsar òg at filmen Dead Poets Society hadde kome ut.

– Og eg elska den! slår ho fast.

– Du må ingenting

20 år gamle Charter-Hilde interesserte seg for det meste, men mennesket var fokuset.

– Eg ville bli alt! Eg ville bli sjukepleiar, skodespelar, barne-tv-vertinne, jobbe på asylmottak, fysioterapeut og journalist! minnest ho.

Om ho skulle gitt eit råd til den yngre seg, hadde det vore å lytte til magekjensla.

– Det var så mange gonger eg gjorde ting eg eigentleg ikkje ville eller torde, og då gjekk det gale. Tore å vise at ein blei lei seg og er sårbar. Du må ingenting.

Her er Hilde Skovdahl 20 år. | Foto: Privat