Ringenes Herre: Slaget om Rohan – ein episk animefilm
Ringenes Herre: Slaget om Rohan kunne med fordel vore ein miniserie, men viser ei lovande utvikling for kva filmar som kan få meir plass i den norske kinomarknaden i åra som kjem, skriv Rakeb Berhanu Erana.
Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.
Japanske animasjonsseriar og -filmar har tatt Noreg med storm i 2020-åra. Fleire animefilmar har nådd kinolerretet, til dømes Jujutsu Kaisen 0, Demon Slayer: To the Hashira Training, og no Ringenes Herre: Slaget om Rohan.
2024 er året då Ringenes Herre (eller Ringdrotten på nynorsk) og anime-fans sameinast.
- Nasjonalitet/språk: USA, Japan
- Regi: Kenji Kamiyama
- Noregspremiere: 6. desember
- Aldersgrense: 12 år
- Sjanger: episk fantasi, drama
- Speletid: 134 minuttar
Ringenes Herre: Slaget om Rohan er ein anime-adaptasjon av historia om kongen av Rohan, Helm Hammerhand, og borna hans. Forteljinga, skriven av Jeffrey Addiss, Will Matthews og Philippa Boyens, tek desse figurane med lite etablert historie og gjev dei eit nytt liv. Særleg for dottera til Helm Hammerhand – tidlegare utan namn – som får hovudrolla med sterk karakterutvikling og ein rik personlegdom.
183 år før Ringenes Herre-trilogien
Den ikoniske Kenji Kamiyama, kjend for å stå bak fleire storarta animeseriar og -filmar, har regien for denne filmen. Med seg har han Brian Cox og Gaia Wise som stemmene til Helm Hammerhand og Héra Hammerhand, høvesvis. Begge leverer strålande prestasjonar og formidlar eit breitt spekter av kjensler gjennom stemmene sine.
Resten av rollebesetninga held også høgt nivå, med Luke Pasqualino, Lorriane Ashbourne og Miranda Otto i sentrale roller.
Ringenes Herre: Slaget om Rohan er sett 183 år før den ikoniske Ringenes herre-trilogien og skildrar konflikten mellom kongeriket Rohan og dunlendingane, som endar i ein bitter og kald krig.
Ulykkeleg prinsesse
I sentrum av historia står Héra Hammerhand, den yngste dottera til Helm Hammerhand.
Héra si reise tek ho frå å vera ulykkeleg i prinsesserolla si, til å bli ei sterk leiar og krigar som spelar ei avgjerande rolle i legenda om Hammerhand dynastiet.
Skaparane av filmen tok eit godt val då dei valde å sentrera forteljinga rundt Héra Hammerhand i staden for faren hennar.
Héra er ei forfriskande addisjon til Ringenes Herre-universet – ho er kompleks, godt skildra og endrar seg gjennom filmen. Trass i dette, har ho sine svakheiter og filmen er ikkje redd for å visa dei. Dette er ein merkverdig kontrast til mange av kvinnekarakterane i Ringenes Herre, som er definert først og fremst utifrå deira kvinnedom – Héra blir skildra som ein nyansert person som tilfeldigvis også er jente.
Dei stygge sidene av krig
Héra er ikkje den einaste karakteren som er godt skildra – Helm, skurken Wulf og Olwyn er komplekse karakterar som får tid til å utvikla seg for det gode og vonde. Handlingane deira gjev meining utifrå kven dei er, og ein får medkjensle for desse karakterane.
Relasjonane mellom karakterane kjennast naturleg, og tek spenningsnivået til nye høgder. Sidan ein blir glad i karakterane, er det meir i spel i krigen. Dessutan sit ein alltid på kanten av stolen i kinosalen, ettersom filmen er ikkje redd for å visa dei stygge sidene av krig.
Visuelt sterkt
Den visuelle stilen til filmen stiller like sterkt som karakterensemblet. Karakterdesigna, landskapet og krigsscenane er animert med kjærleik for det originale verket.
Fargekontrasten i kvar scene er klare, rørsla til karakterane er ikkje hakkete og 3D-animasjonsscenane er greie. Skaparane har verkeleg sørga for at alle element som gjer anime visuelt appellerande er på plass. I tillegg, komplimenterer lydbiletet den visuelle stilen for å skapa ein episk atmosfære med høg spenning.
Sjølv om Ringenes Herre: Slaget om Rohan varar i over to timar, er det framleis ikkje nok tid til både å utforska krigsutviklinga og å gå djupare inn i karakterane. Dette førte til at hovudkarakterane får mest fokus, medan fleire spennande sidekarakterar og interessant bakgrunnsstoff blir sett til sida. Med tanke på at filmen skal skildra ei omfattande historie, er dette forståeleg. Likevel hadde Ringenes Herre: Slaget om Rohan truleg fungert betre som ein miniserie enn ein enkelfilm.
Lovande utvikling
Ein slik imponerande og storarta episk animefilm som Ringenes Herre: Slaget om Rohan er sjeldan å sjå på storskjerm i Noreg, men det finst publikum for denne typen filmar. Difor visar Ringenes Herre: Slaget om Rohan ei lovande utvikling for kva filmar som kan få meir plass i den norske kinomarknaden i åra som kjem.