Heretic er stadig på kanten til å vere podkasten til den mest irriterande fyren du gjekk på ungdomsskulen med, men får alltid til å vri seg unna i siste augeblikk, skriv Framtida sin filmmeldar Jenny Lund.

Jenny Lund
Publisert
Oppdatert 03.12.2024 13:12

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Eg prøver i utgangspunktet å halde meg oppdatert på kommande filmar, men av og til går eg glipp av noko. Eg hadde så godt som ingen forventningar knyta til Heretic då eg gjekk inn i kinosalen, rett og slett fordi han hadde hamna litt under radaren min.

Med paret Scott Beck og Bryan Woods som både regissørar og manusforfattarar, kjende eg meg ikkje heilt overtydd. Skrekkfilmen A Quiet Place (2018), som dei to skreiv saman med regissør John Krasinski, trefte meg aldri heilt, og sjølv om eg ikkje har sett eller høyrt så mykje om sci-fi dinosaurfilmen 65 (2023) med Adam Driver, tek eg det som eit dårleg teikn at ingen har snakka om han, i og med at det er ein sci-fi dinosaurfilm med Adam Driver.

Heretic

Nasjonalitet/språk: USA, engelsk

Regi: Scott Beck, Bryan Woods

Noregspremiere: 29.11.2024

Aldersgrense: 15 år

Sjanger: Thriller, skrekk

Speletid: 1 time og 50 minuttar

 

Alt i alt, ein kombinasjon som gjorde at eg hadde null aning om kva eg gjekk mot. Det er eg for så vidt ganske nøgd med, for då vert overraskinga berre større.

Vanleg visitt?

Søster Barnes (Sophie Thatcher) og søster Paxton (Chloe East) er to mormonske misjonærar på oppdrag.

Etter ein dag med mislykka forsøk på å formidle bodskapet til folk på gata, er det godt for dei å kunne falle tilbake på eit planlagt heimebesøk. Herr Reed (Hugh Grant), som tidlegare har vist interesse i kyrkja og kva dei har å seie, slepp dei inn i heimen med opne armar.

Snart får dei likevel kjensla av at han kalla dei der for noko anna enn å høyre om deira herre og frelsar Jesus Kristus.

Eg kan vere fæl til å komme med vage handlingsskildringar, og i dette tilfellet er det heilt med vilje: Heretic er eit tilnærma kammerspel om tru, tvil og pai, og jo mindre du veit på førehand, jo betre.

Sterkt ensemble

Med eit avgrensa miljø, kjem også eit avgrensa karaktergalleri, og med det vert skodespel kanskje enda viktigare enn det elles er.

Heldigvis er det kanskje den fronten Heretic leverer best på, og eg kan heilt ærleg seie at dette er eit av favorittensembla mine i år.

Marknadsføringa har gått hardt ut for å selje Hugh Grant, og han er ei sann glede, men eg må ta meg tida til å prise duoen Sophie Thatcher og Chloe East. Forholdet mellom karakterane deira, Barnes og Paxton, er skikkeleg sjarmerande, samtidig som det bidrar til å halde spenninga oppe.

Dei to er ganske forskjellige, men har stadig noko nytt på lager – medan Paxton er konfliktsky og alltid klar til å ta dei tryggaste vala, drar Barnes ho i andre retningar.

Dei to vert sett opp mot Hugh Grant sin Reed, som stadig vaklar mellom å kjennest ut som ein skikkeleg trussel og ein stakkarsleg klein type, komplett med vitsar som ikkje treff. Det er ein slåande kombinasjon, som held på skrekk- og thrillerelementa, samtidig som eg vart tatt på senga av kor morosam mykje av dialogen er.

Eg må innrømme at eg synest det er noko veldig morosamt med å sjå Grant i denne rolla, då eg forbind han veldig sterkt med filmar som mor mi får meg til å sjå me ho. Det nærmar seg jul, du veit kva eg pratar om.

Tankevekkjande om tru

Utan å ha noko ønskje om å skjerme mormonkyrkja for kritikk, var eg litt nervøs for korleis Heretic ville handtere karakterane sine.

I film og andre media vert mormonarar ofte framstilla som naive i beste fall, og reine parodiar i mange tilfelle. Å kritisere trua skal vere lov, men om karakterane vert skrive berre til det formålet, kan det lett bli ganske flatt.

Heldigvis vert dei bekymringane borte ganske kjapt. Misforstå meg rett: Filmen har ingen problem med å pirke i religion verken på spesiell eller universell basis, men både Barnes og Paxton kjennest som heile karakterar, med meir å by på enn det ein kanskje først ventar. Det at dei er misjonærar er viktig både for dei og handlinga, men det vert integrert utan at det kjennest ut som om filmen er ute etter eit lett mål.

Heretic er stadig på kanten til å vere for banal, til å vere podkasten til den mest irriterande fyren du gjekk på ungdomsskulen med, men får alltid til å vri seg unna i siste augeblikk. Resultatet er herleg uføreseieleg.

For nokon vil sjangerskifta mellom skrekklada thriller og komedie kanskje vere forstyrrande (i negativ forstand, vel å merkje – det er få ting eg liker betre enn ein film som er så ekkel at eg treng ein lang, varm dusj etterpå), og tidvis tenkte eg også det. Det som har hendt i etterkant, er at jo meir eg tenkjer på stemningsskifta, jo meir tenkjer eg at det eigentleg er eit ganske sprekt greip som peprar filmopplevinga.

Sjølv om eg framleis tek meg i å tenkje over om eg eigentleg syntest alt fungerte i Heretic, veg den underhaldningsverdien eg fekk ut av han så absolutt opp for småpirket eg sat med.

No har eg brukt mange ord på å prøve å ikkje fortelje for mykje, men då får rosen prate for seg sjølv. Dette var ein godbit.

Terningkast: 5