Norsk vegansamfunn saksøkjer staten
Organisasjonen vil ha statsstøtte.
Norsk vegansamfunn (NVS), som i sommar fekk eit endeleg nei til å bli offentleg registrert som livssynssamfunn, går no til søksmål mot staten.
Etter at NVS vart stifta i 2020, har dei ønskt å bli registrerte som eit livssynssamfunn. Med ein slik status kan dei mellom anna krevje statstilskot på rundt 1500 kroner per medlem for sine nær 1000 medlemmer.
Å vere veganar er meir enn berre å unngå matvarer som stammar frå dyr. Det er eit livssyn, meiner NVS. Dei tilbyr derfor veganske namnefestar, konfirmasjonar, vigslar og gravferder, skriv Vårt Land.
– Vi meiner det er uforsvarleg at staten skal avgjere kva anerkjende livssyn som er legitime og ikkje, seier Jon Vegard Venås, styremedlem og leiar for registreringsprosessen i NVS, i ei pressemelding.
For å føre saka har NVS hyra inn eit av Noregs største advokatfirma: BAHR.
– Vi meiner avslaget er i strid med både nasjonal lovgiving og internasjonale menneskerettar, seier advokatfullmektig Kristoffer Roheim Justad i pressemeldinga.
I 2015 konkluderte Likestillings- og diskrimineringsombodet med at veganisme må forståast som eit livssyn. Dette er eit viktig argument for vegansamfunnet.
– Veganismen vår gir eit samanhengande syn på mennesket sin plass i tilværet og svar på sentrale etiske spørsmål. Det fortener anerkjenning på lik linje med andre livssyn som humanisme og ateisme, seier Jon Vegard Venås frå NVS.