Artisten Myra torde ikkje heilt å tru på musikkdraumen som hadde byrja å vekse i hjartet hennar, då ho var 20.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 05.12.2024 09:12

– Eg ville ha gitt meg sjølv ein klem og sagt at det blir betre.

Det fortel Regina Tucker, betre kjend som artisten Myra, at ho ville ha gjort om ho i dag hadde møtt seg sjølv som 20-åring.

Myra har i haust vore å sjå på TV-skjermen i 71° Nord og NM i gjemsel, og har nyleg sleppt låta Jeg trenger en hånd.

Elton, Amy og Bjørn

Tucker er fødd i 1994, og fylte dermed 20 i 2014. Det var det året Elton John opptredde på Koengen i Bergen, hugsar ho. Ho var på den tida inne i ein periode då ho høyrde mykje på Amy Winehouse og Bjørn Eidsvåg.

20 år gamle Tucker budde i Bergen, der ho jobba på skobutikk på kjøpesenteret Galleriet.

– Den viktigaste personen i livet mitt var venninna mi, Ingrid. Vi vart kjende då eg var 20, og vi har vore som søstrer sidan, fortel ho.

Bar på musikkdraumen

Sjølve 20-årsdagen hennar kom like etter at utestaden Klubb Kok hadde opna i Bergen. Det var ein utestad som var viktig for rap- og R’n’B-miljøet i Bergen, og Tucker hugsar at «alle» skulle dit. Ein og ein av venene hennar fylte 20, men sjølv måtte ho vente til sin eigen bursdag.

– Eg måtte vente til midnatt 8. desember, for då vart eg 20 år og fekk endeleg komme inn, fortel ho.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Myra Regina Tucker (@ektemyra)

Artistspira hadde allereie byrja å skrive songtekstar i skjul, og utforska artistlivet.

Likevel visste ho «overhodet ikkje!» kva ho skulle bli i livet, då ho var 20.

– På den tida budde det nok ein musikkdraum i hjartet som kom meir og meir til overflata, men eg torde likevel ikkje å tru heilt på han, skriv Tucker til Framtida.

Kanskje vart ho halde tilbake av det som var den største frykta hennar på den tida, nemleg avvising.

Det var endå eitt år til Myra skulle sleppe debutlåta si på Soundcloud. Då var det ikkje avvising som venta henne, men tvert imot fekk ho merksemda til sjølvaste Lars Vaular, og vart døypt «byens nye R’n’B-stjerne» av Bergens Tidende.

Kort tid etter debuten gav Myra ut låta «Ventet på deg», saman med Lars Vaular. Her er dei to artistane fotograferte på P3-gull i 2017. | Foto: Mariam Butt / NTB

Kjente på fred og spenning

20 år gamle Regina Tucker var i ein periode då ho søkte etter tilhøyrsle. Ho var nysgjerrig på tru. Ho gjekk på bibelskule i Bergen og las Bibelen.

– Kva er dei sterkaste minna dine frå du var 20?

– I januar kjente eg på ei etterlengta fred. I august kjente eg på ei spenning, på kva livet hadde å bringe etter å ikkje ha visst kva livet ville bringe. Og på hausten valde eg å døype meg, fortel ho.

– Gå i terapi

– Kva råd ville du ha gitt til deg sjølv?

– Eg ville ha råda meg sjølv til å gå i terapi, og jobbe med det indre livet mitt og byrje tidleg med å bearbeide ting. Vere raus med meg sjølv og tore å sleppe folk meir inn, skriv Tucker.