Vekas viktigaste: Klimatoppmøte, Giske-liste og kabinettspørsmål i Tyskland
Kollasj av Framtida. | Foto: Foto: Joakim Halvorsen / NTB, UN Climate Change - Kiara Worth (CC BY-NC-SA 2.0) og Kay Nietfeld/dpa via AP
Her er nokre av dei viktigaste nyheitene frå veka som gjekk.
Åshild Slåen
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
FN sitt klimatoppmøte i Aserbajdsjan
Denne veka opna FN sitt 29. klimatoppmøte i Baku i Aserbajdsjan (COP29). Der er verdsleiarar samla for å finne løysingar på klimakrisa.
Ei av dei viktigaste sakene i år er klimafinansiering, altså kor mykje industriland skal bidra med til å finansiere klimatiltak i utviklingsland. Det gamle målet ligg på 100 millionar dollar årleg, og gjeld ut 2025.
I tillegg skal dei diskutere dei nasjonale klimamåla, noko som skal leverast inn innan våren 2025. På møtet skal landa også evaluere kva dei har gjort til no, og kva dei skal gjere vidare.
COP29 varar ut neste veke.
Årets klimatoppmøte er i Baku i Aserbajdsjan. | Foto: UN Climate Change - Kiara Worth (CC BY-NC-SA 2.0)
Trond Giske kan bli Ap sin 1.-kandidat til Stortinget frå Sør-Trøndelag
Onsdag vart det klart at det blir flest av tilhengjarane til Trond Giske blant delegatane for Trondheim Arbeidarparti. Dei er med og røyster over kven som blir Ap-kandidatar til Stortinget frå Trøndelag.
Ifølgje Altinget meiner mange at fleirtalet, styrt av Giskes lokallag Nidaros Sosialdemokratisk Forum, har overkøyrt innspel frå andre lokallag.
Den nye AUF-leiaren Gaute Skjervø reagerer spesielt på få yngre delegatar.
– For å sikre sitt eige attval har Trond Giske valt å reinske ut alle andre enn sine eigne tilhengarar frå lista over dei som skal velje Trøndelag Arbeiderpartis stortingsrepresentantar. Av 57 delegatar frå Trondheim Ap fann ikkje Giske plass til éin einaste AUF-ar. Ikkje eingong nokon under 30, skreiv han på Facebook.
Trond Giske kan gjere comeback på Stortinget i 2025. Her frå februar, då Trond Giske vart valt til nestleiar i Trondheim Arbeiderparti under årsmøtet.
| Foto: Joakim Halvorsen / NTB
Tyskland sin forbundskanslar vil stille kabinettspørsmål i år
Olaf Scholz, den tyske kanslaren frå det sosialdemokratiske partiet SDP, sparka førre veke finansministeren sin, Christian Lindner, som er frå det liberale partiet FDP. Det gjorde at Lindner trekte partiet sitt ut av regjering, og Tyskland har no ei mindretalsregjering med SDP og Dei grøne.
Det er uvanleg for Tyskland, som etter 1949 ikkje har hatt mindretalsregjeringar. Ifølgje NRK forbind mange tyskarar mindretalsregjering med den kaotiske mellomkrigstida.
Scholz sa opphaveleg at han kom til å stille kabinettspørsmål i januar, noko som ville løyse opp regjeringa og føre til eit nytt val.
Etter press frå andre har Scholz denne veka framskunda behandlinga av kabinettspørsmålet til 16. desember, ifølgje Aftenposten. Grunnen er at politikarane vil avgrense den uavklarte situasjonen rundt ei mindretalsregjering.
Ingen parti ligg an til å kunne danne ei fleirtalsregjering ifølgje meiningsmålingar. Mange er bekymra for om ytre høgre-partiet AfD kjem til å få meir makt etter valet, sidan dei på meiningsmålingar ligg som det nest største partiet. AfD er føreslått forbode i den tyske forbundsdagen, men eit eventuelt forbod kjem ikkje før valet.
Tysklands president Frank-Walter Steinmeier (i midten) gir tidlegare finansminister Christian Lindner (til høgre) avskjedssertifikatet hans 7. november. Til venstre er forbundskanslar Olaf Scholz. | Foto: Kay Nietfeld/dpa via AP
Telenor-feil rammar naudnummer for fjerde gong på fire månader
Onsdag hadde Telenor tekniske feil som ramma brukarar over heile landet. Naudnummera var også påverka.
Feilen vart retta innan klokka 17.
Dette er fjerde gong i haust at Telenor-feil rammar naudnummera, noko digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) seier er alvorleg.
– Det er heilt uakseptabelt at Telenor for fjerde gong på fire månadar har feil som rammar mobiltenestene og naudmeldingstenestene. Det er Telenor sitt ansvar, seier ho til NRK.
Feilen ramma også togtrafikken, med fleire forseinkingar på grunn av kommunikasjonsproblem.
Årsaka bak feilen var eit straumbrot hjå ein av Telenor sine sentralar rundt klokka 11, og selskapet seier dei jobbar med å finne ut kvifor det fekk så store utslag.
Ambulanse under utrykking. Naudnummera var nede onsdag på grunn av feil hjå Telenor. | Foto: Gorm Kallestad / NTB
New Zealand sin statsminister seier unnskyld for statlege overgrep
Tysdag sa Christopher Luxon, statsministeren i New Zealand, unnskyld på vegner av styresmaktene til dei rundt 200 000 personane som opplevde misbruk medan dei var i statleg omsorg.
Unnskyldninga kjem etter at ein rapport frå juli i år slo fast grove overgrep mot både barn og sårbare vaksne i statleg, kyrkjeleg og fosteromsorg mellom 1950 og 2019, ifølgje AP. Uforholdsmessig mange av desse var maoriar, urfolket i New Zealand.
Styresmaktene planlegg også økonomisk kompensasjon til dei som vart utsette for overgrep, men dette forslaget kjem ikkje til å bli behandla før i 2025. Det er usikkert kor mykje pengar det blir snakk om.
New Zealand sin statsminister Christopher Luxon (i midten) pratar med eit av offera, Whiti Ronaki (til venstre), og tolk Laura Cherrington etter unnskyldninga hans. | Foto. Monique Ford/Stuff via AP
Lyspunkt: Norsk setertradisjon inn på Unesco-liste
Unesco si liste over immateriell kulturarv kjem til å inkludere norsk setertradisjon frå 4. desember, ifølgje avisa Nationen.
Det er ei liste over kulturuttrykk som ikkje er fysiske, som handverk, dans, songar og andre kulturelle praksisar. Frå før er ting som folkemusikk og -dans frå Setesdal, bakinga av franske bagettar og kinesisk kalligrafi på lista.
Organisasjonen Norsk Seterkultur starta arbeidet med å få setertradisjonen inn på lista i 2019.
– Håpet er at ein slik heider frå Unesco skal vere med på å heve statusen til seterdrifta og hjelpe til med å vidareføre denne tradisjonen inn i ei ny tid, skriv organisasjonen på sidene sine.
Seterdrift skal inn på Unesco si verdsarvliste. | Foto: Christian Ensby via Unsplash
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.