Vil gi vidaregåandeelevar gratis tilgang til aviser
Det har vekt uro at unge i stadig mindre grad brukar redaktørstyrte medium når dei skal oppdatere seg på det som skjer. Forskaren Tellef Raabe foreslår gratis tilgang til aviser for alle unge mellom 16 og 19 år.
Det er ingen tvil om at dei unge sin bruk av aviser og andre tradisjonelle nyheitskjelder har gått dramatisk ned sidan internett vart allemannseige på slutten av 1990-talet, og spesielt etter at Facebook kom på bana for alvor i 2007.
Tellef Solbakk Raabe (33) har teke doktorgrad i medieøkonomi ved Universitetet i Cambridge. Han jobbar i dag ved SNF (Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning) på Noregs handelshøgskole.
Han har på oppdrag frå Medietilsynet gjort ei undersøking om kva ein kan gjere for å få fleire unge til å bruke redaktørstyrte medium.
Han meiner det er både billeg og ein god ide å prøve å etablere ein relasjon mellom elevar i vidaregåande og ulike redaksjonelle merkevarer gjennom gratis tilgang.
Frå sosiale medium
– Det er ei kjensgjerning at mange unge i dag ikkje er kjende med redaktørstyrte medium. Fleire får informasjonen sin utelukkande frå sosiale medium, der influensarar pratar utan motstand, utan faktasjekk eller kritiske spørsmål. Derfor er det viktig å gi 16-19-åringane tilgang til aviser, for vi kan ikkje vente at dei unge skal betale for det, seier Raabe til NPK.
I forslaget Raabe har lagt fram er det ein føresetnad at ordninga skal vere for alle aviser, men sjølvsagt på frivillig basis. Avisene skal også bli kompenserte for tapte inntekter frå denne aldersgruppa.
Inntektene frå denne aldersgruppa er så små likevel, at det ikkje vil vere snakk om store summar i kompensasjon til mediehusa. For 60 prosent av avisene utgjer det under 10 000 kroner i året, fortel han.
Forskaren meiner ordninga bør administrerast av Medietilsynet, og han estimerer at det kjem til å koste 6,3 millionar kroner i året for alle mediehusa samla.
Tellef Solbakk Raabe minner om at Noreg er nummer éin i verda på pressefridom. I tillegg er nordmenn på verdstoppen i betalingsvilje for abonnement for nyheiter på nett. Dei norske mediehusa har altså greidd seg godt i forhold til mange andre land, og vi har framleis høg tillit til redaktørstyrte medium.
Breitt mediemangfald
Samstundes har vi aldri tidlegare hatt eit så breitt medietilbod som i dag, held han fram. Konkurransen om merksemda til yngre målgrupper har aldri vore tøffare.
Han fortel at forslaget har vorte godt motteke, og at Arbeidarpartiet alt har teke ordninga inn i forslaget til nytt partiprogram.
Reint praktisk vil denne ordninga føre til at alle elevar i den vidaregåande skulen har gratis tilgang til alle aviser som er med i ordninga.