The Gathering opnar dørene att i 2025
Målet er å få 2000 deltakarar som tek over Vikingskipet på Hamar.
Etter å ha vorte avlyst førre påske, opnar The Gathering no billettsalet for neste års dataparty på Hamar.
Arrangementet skal gå frå 16. til 20. april, som alltid i Vikingskipet, ifølgje TGs nettsider. The Gathering vart avlyst denne påska, men det vart ikkje sett kroken på døra for godt.
– Det er ikkje slutt for The Gathering, men arrangementet i år er avlyst etter ei samla vurdering frå styret og arrangementsleiinga, sa Trine Haanæs i leiargruppa til The Gathering til VG.
Ein av grunnane var stor slitasje på dei frivillige. Kvar påske sidan 1992 har datafesten gått av stabelen på Hamar med opp mot 5000 dataglade unge og vaksne. Då pandemien herja, vart datatreffet også avlyst. Målet for 2025 er at rundt 2000 deltakarar skal ta over Vikingskipet, skriv Hamar Arbeiderblad.
For å trekkje folk har arrangørane gjort fleire tiltak og satsar stort på e-sport. Etter lokale kvalifiseringsrundar i heile landet, skal sluttspelet gå føre seg på The Gathering 2025 med ein samla premiepott på 250 000 kroner.
– Eg er ganske trygg på at vi blir Noregs største e-sportsarrangement. Det er eit prosjekt eg synest er spennande, og noko vi aldri har gjort før, seier festivalsjef Daniel Justsen til avisa.
Andre aktivitetar er konsertar, hackarkonkurransar, cosplay og digital kunst.