Retten avviser krav om mellombels stans på tre olje- og gassfelt
Verksemda ved tre olje- og gassfelt på norsk sokkel får halde fram til retten skal behandle klimasøksmålet til Natur og Ungdom og Greenpeace.
– Lagmannsretten legg mykje vekt på at demokratiomsyn og vurderingar om prøvelsesretten til domstolane som tilseier at dei konkrete avgjerdene for å handtere klimakrisa, under dette ei eventuell nedstenging av petroleumsverksemd, primært må treffast av Stortinget og regjeringa, skriv Borgarting lagmannsrett i samandraget sitt av rettsavgjerda.
Greenpeace og Natur og Ungdom fekk i januar medhald på alle punkt i søksmålet mot staten om løyve til utbygging av dei tre oljefelta Breidablikk, Tyrving og Yggdrasil i Nordsjøen. Oslo tingrett slo fast at alle tre løyva er ugyldige.
Lagmannsretten skal seinare behandle anken frå staten over dommen frå tingretten. Rettsavgjerda måndag gjaldt berre spørsmålet om produksjon og utbygging ved felta skulle stansast i påvente av ei rettsleg avklaring.