Om du var et menneske er ei sånn bok me treng fleire av. Ho utvidar horisonten og gjev næring til neste­kjærleiken, skriv bokmeldar Magnus Rotevatn.

Magnus Rotevatn
Publisert

Romanen Om du var et menneske er eit samarbeidsprosjekt mellom norske Sunniva M. Roligheten og kongolesiske Daniel A. Wilondja.

Boka handlar om at Daniel, som bur i Den demokratiske republikken Kongo, og Sunniva, som bur i Noreg, skriv ei bok saman. Det er altså ganske naturleg å tenkja at romanen har ein viss sjølvbiografisk eim, sjølv om det ikkje er tydeleg kor grensa mellom røyndom og fiksjon går.

Om du var et menneske

Forfattar: Sunniva M. Roligheten og Daniel A. Wilondja

Forlag: Cappelen Damm

Utgjeve: Oktober 2024

Sjanger: Roman

Med utgangspunkt i eit venskap som strekkjer seg over to kontinent og manglar eit felles språk, har resultatet blitt ei leseverdig forteljing.

Seig start

På sitt beste er Om du var et menneske ein sår, interessant og spennande roman. Men det tek omtrent hundre sider – altså nesten halve boka – før ein kjem dit.

Starten på boka er seig. Det handlar mykje om ting som allereie har skjedd – at Daniel har vitja Noreg og at Sunniva har vore med og laga ein rapport om gruvedrift i Kongo.

Teksten dveler kring minne, og det er lite framdrift. Det står eigentleg ingenting på spel.

I denne delen av boka verkar det som forfattarane tenkjer at det originale utgangspunktet deira er nok. At alle dei unike sidene ved ein venskap der ein ikkje har eit felles språk og bur på veldige ulike plassar er nok til å forsvara ei bok.

Sjølv om det er fiffig, så har det ikkje i seg sjølv litterær verdi å presentera chattar på to eller tre språk fordi dei må bruka Google Translate.

Spennande

Litt før ein kjem halvvegs i boka skjer det eit skifte: Boka blir spennande!

Sunniva planlegg og gjennomfører ei reise til Kongo for å vitja David. Noko som ikkje akkurat er beint fram – dei offentlege reiseråda er særs klare på at ein absolutt ikkje bør reisa til det austlege Kongo.

Og ikkje minst, dei jobbar for at David skal få lov til å koma til Noreg. Noko som er endå vanskelegare, men med desto høgare gevinst.

Plutseleg står det mykje på spel!

Bitande bodskap

Det er også i denne delen av boka at forfattarane klarar å få fram bitande politiske bodskap. Denne boka er utvilsamt relevant for samtida ho er skriven i.

Til dømes blir det gjort tydeleg kor idiotisk og inhumant det var av Støre-regjeringa å innføra studieavgift for utanlandske studentar.

Og nett fordi boka har utgangspunkt i ein kongolesisk røyndom, er resultatet eit blikk på Noreg og verda som andre bøker ikkje klarar å tilby. Ein blir kanskje dimed litt mindre dum og ignorant av å lesa Om du var et menneske.

Litteratur som både er fengslande å lesa og klarar å setja samtida under debatt? Ja, takk!

Sabla god bok

Eg skulle inderleg ynskja at romanen hadde blitt strammare redigert.

Som sagt, særleg starten er altfor treig og keisam. Og eg undrar på om forfattarane sin kjærleik til sitt eige litterære språk hindrar dei i å skru opp tempoet.

Men når handlinga fyrst kjem i gang, er dette ei sabla god bok! Ho er estetisk tilfredsstillande, tankevekkjande, og politisk relevant.

Det er berre å håpa at lesarane held ut.