Megalopolis – ein episk katastrofe

Megalopolis kjem til å bli hugsa som ein av dei verste blockbuster-filmane og den største sløsinga av 120 millionar dollar nokosinne, skriv Rakeb Berhanu Erana.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Francis Ford Coppola har endeleg fått laga Megalopolis, draumefilmen han har arbeidd med sidan 1970-talet.

Ein skulle tru at ein slik film, regissert av den legendariske Coppola, med eit budsjett på 120 millionar av hans eigne pengar og A-liste-skodespelarar, skulle vera ein garantert suksess og årets film. I staden har me fått eit frykteleg langsamt, rotete og uinteressant febermareritt.

 

Megalopolis

Nasjonalitet/språk: USA, Engelsk

Regi: Francis Ford Coppola

Noregspremiere: 27. september 2014

Aldersgrense: 15 år

Sjanger: science fiction, satire, thriller, drama

Speletid: 138 minuttar

Det er nærmast umogleg å forsvara Coppola for denne filmen – ikkje berre på grunn av kontroversane rundt produksjonen, men også sjølve filmen. Nesten kvar einaste del av han er mislukka.

Sexistiske og flate stereotypar

I dette såkalla «episke» eventyret, der fallet til det amerikanske imperiet vert samanlikna med det romerske, følgjer me det eksentriske geniet Cesar Catilina, som ynskjer å byggja opp att New York – her kalla New Rome – etter sitt futuristiske syn. Samstundes møter han motstand frå sin rival, Franklyn Cicero, ordføraren i New Rome. Cesar er i konflikt med Cicero, men også med sin velståande bankfamilie, og ikkje minst med seg sjølv.

Den visuelle stilen og lydbiletet er til dels greitt, og til tider imponerande. Dessverre kjennest desse elementa som ein fasade for den smaklause handlinga. I tillegg er det visuelle ofte unødig overdriven, kanskje for å kompensera for den forferdelege handlinga. Mangelen på substans gjer at det heile verkar forstyrrande på ein irriterande måte.

Overflødig film

Megalopolis er ein utruleg overflødig film – nye konsept, tematikkar eller problemstillingar blir introduserte konstant, men forsvinn like raskt utan å bli utforska. Det hjelper heller ikkje at filmen består mest av korte, sporadiske scener som er vanskelege å følgja, noko som gjer at ein endar opp forvirra.

Adam Driver, Nathalie Emmanuel, Aubrey Plaza, Giancarlo Esposito og fleire frå Gudfaren-trilogien utgjer rollebesetninga i Megalopolis. Trass i at dei fleste er dyktige skodespelarar og gjer sitt beste, klarar dei ikkje å gje liv til desse livlause, tomme karakterane.

Kvinnene kjem særleg dårleg ut, reduserte til sexistiske, stereotype og flate figurar utan annan personlegdom enn relasjonane sine til dei mannlege karakterane. Desse kvinnekarakterane er rett og slett støytande.

Overflatisk og tonedøvt

Ein skal gje ros til Coppola for å vera ambisiøs og få til ein film av denne storleiken i ein alder av åttifem. Eg set pris på ein regissør som vågar å utforska tunge samfunnskritiske og filosofiske tema utan å sensurera seg sjølv. Dette prøvde Coppola på i Megalopolis, men bomma fullstendig.

Eit halvt hundreår som storarta filmskapar i Hollywood er tydelegvis ikkje nok livserfaring for Coppola til å skapa rikhaldig satire om det amerikanske samfunnet. Kvar tematikk er anten overflatisk eller tonedøvt behandla, til tider med farleg retorikk. Det verste eksempelet er framstillinga av skilja mellom økonomiske klassane. Ein kan tydeleg kjenna at forholdet mellom overklassen og middel- og underklassen i New Rome er skrive av ein rik Hollywood-kjendis som ikkje har vore blant vanlege folk på årevis.

På toppen av dei overflatiske, komisk forferdelege karakterane, den rotete handlinga og den forstyrrande visuelle stilen, er Megalopolis også kjedeleg. Ein skulle tru han i det minste kunne vera ein dårleg, men underhaldande film. Nei, ikkje ein gong det får han til.

Coppola er ein filmlegende – han vil alltid bli hugsa for si visjonære filmskaping. Megalopolis derimot kjem til å bli hugsa som ein av dei verste blockbuster-filmane og den største sløsinga av 120 millionar dollar nokosinne.