Armand – ein skikkeleg croissant av ein film

Halfdan Ullmann Tøndel sin første langfilm held korta til brystet, men spelar dei særdeles godt.

Jenny Lund
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Armand har gjort noko. Det er det einaste mora Elisabeth veit når ho vert kalla inn til hastemøte på skulen der han går. I samtale med ein ung lærar og foreldra til ein annan gut, kjem det som skal ha hendt fram litt etter litt, men korleis kan dei vite om det er sanninga?

 

Armand

Nasjonalitet/språk: Noreg, norsk

Regi: Halfdan Ullmann Tøndel

Noregspremiere: 27.09.2024

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Drama

Speletid: 1t 57m

Uro og ubehag

Då eg først såg traileren til Armand, beit eg meg fast i kor mystisk det heile var. I den ånda vil ikkje eg heller spolere så mykje, men eg kan trøyste med at det ikkje tar så lang tid før ein får vite noko som eg frykta. Det eg kan seie er at det er eit drama om ein veldig vanskeleg situasjon, der eit barn sine ord vert brukt mot eit anna. Klar over kor sårbare visse involverte er, forsøkjer dei tilsette på skulen å unngå å lage ei større sak enn strengt nødvendig.

Det går omtrent så godt som ein kan vente.

Tidvis er det ganske så morosamt, utan at den ubehagelege bismaken av alvoret gir slepp. Uroa vert ein fast følgjesvein, forsterka av skulen sine dunkle, tomme gangar og den sparsame bruken av musikk.

Eg skulle ha talt kor mange gonger spørsmålet «går det bra?» vert stilt i løpet av Armand si nesten to timar lange speletid. Svaret er nesten alltid «ja», og det er ei løgn kvar gong. I dette ligg mykje av dynamikken som får filmen til å gå rundt. Ingen føler dei har nokon kontroll, men ei blanding av staheit og dei verste sidene av norsk folkeskikk står i vegen for at nokon innrømmer det. Slik fortset syklusen, djupare og djupare for kvar runde.

Stjernekraft

Renate Reinsve er utan tvil ei av dei største stjernene i norsk film for tida, og prestasjonen hennar her held det høge nivået ho har blitt kjend for. Elisabeth er ein fascinerande karakter, ei kvinne som ein aldri heilt veit kor ein har. Andre trår forsiktig rundt ho, utan at det er klart om det er for hennar eller deira eiga skyld. Det at ho er skodespelar, vert også vendt mot ho: Kor mykje av det ho seier og gjer er ekte?

Samtidig vil eg ikkje la den eine skodespelarprestasjonen overskygga dei andre, for dette er kvalitet over heile bordet. Eg har spesielt lyst å gi litt ros til Thea Lambrechts Vaulen, som spelar læraren til Armand. Valt til å vere skulen sin representant i saka, fell ho mellom alle stolar i sine forsøk på å halde situasjonen under kontroll, og Vaulen si tolking er smertefullt truverdig i sin kamp for å bevare freden.

Seig, men smart

Armand krev tolmod av sjåaren, og eg må innrømme at eg tidvis kjente meg litt rastlaus der i kinomørket. Heldigvis veit Tøndel å slengje inn ei overrasking dei stadane der ting truar med å bli litt platte. Nokon få scener slo meg som litt for lausrivne frå resten filmen, men når han hentar seg inn igjen, tek det ikkje lang tid før eg nok ein gong er 100 prosent med.

Samtidig som ting hender på skulen, vert fortida skissa opp gjennom samtalane, og det er kanskje høgdepunktet for meg. Tøndel, som også har skrive manuset, gir små drypp med informasjon på ein måte som eg synest er utruleg tilfredsstillande. På eit augeblikk, med ein bit dialog som i samtida kanskje berre er ein digresjon, opnar verda seg, slik at det som allereie har hendt og vore sagt, får ei ny meining. Samtidig opnar all ny kunnskap for nye spørsmål, og det heldt meg engasjert gjennom heile filmen, spørjande om kva eg ville få vite neste gong.

Dette er ein skikkeleg croissant av ein film – ein veit ikkje kor mange lag det er før ein er ferdig med han.

At dette er ein imponerande inngang i filmindustrien for Halfdan Ullmann Tøndel, finst det ikkje tvil om, og eg er veldig spent på å sjå kva han vil gjere i framtida – spesielt som manusforfattar.