Forslag om våpenkvile under klimatoppmøtet

Gassindustrien og politiske fangar er noko av det klimaaktivistar meiner vil prege klimatoppmøtet i Baku.

Åshild Slåen
Publisert

FN sitt klimatoppmøte i 2024, COP29, er i hovudstaden Baku i Aserbajdsjan. Klimatoppmøtet startar 11. november, og vertslandet har bede all land som er involvert i ein konflikt om å vere med på ei våpenkvile medan møtet føregår.

Ifølgje The Guardian skriv Aserbajdsjan i eit utkast at COP29 «er ein unik sjanse til å byggje bru over skiljeliner og finne ein veg til varig fred. Konflikt aukar utslepp av drivhusgassar og herjar miljøet, forureinar jord, vatn og luft.»

Fleire aktivistar har peika på at dette er hyklersk frå Aserbajdsjan, som i fjor var i konflikt med nabolandet Armenia over Nagorno-Karabakh-regionen, der over 100 000 personar i regionen vart drive på flukt.

– Idéen om ein «COP-våpenkvile» er eit djupt kynisk PR-stunt frå Aserbajdsjan designa for å distrahere verdas merksemd vekk frå den etniske reinsinga av Nagorno-Karabakh i fjor, seier klimaaktivist Paul Polman til avisa.

Han meiner landet heller kunne plikta seg til å byggje ned den fossile industrien sin og lauslate 300 politiske fangar. Mange av rettssakene for desse fangane er utsett til etter klimatoppmøtet i november.

Aserbajdsjan er ein viktig leverandør av gass til Europa, spesielt etter Ukraina-krigen sette ein stoppar for å importere gass frå Russland. Det å ha eit vertsland som tener godt på fossile industriar var også ein diskusjon under COP28 då klimatoppmøtet var i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata.