Sjølv kjenner ho seg best att i Lucy Pevensie.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 16.09.2024 08:09

– Eg føler ofte at eg kan kjenne meg igjen i sider av ein karakter, men ikkje heile karakteren, på ein måte. 

Johanne Scheen Jahnsen (29) er barnebokforfattar og har skrive bøkene Håndball eller helvete og Det besatte huset, som begge handlar om tenåringstida og dei problemstillingane ein møter med å tilhøyre ein gjeng og kva ein gjer for kjærleiken.

Sjølv kjenner ho seg mest igjen i karakteren Lucy Pevensie frå Narnia-universet.

– Kanskje litt fordi eg også er yngst i søskenflokken, litt fordi eg er nysgjerrig av meg, litt fordi eg gjerne skulle ha drukke te med ein faun, skriv ho i ein e-post til framtida.no.

Me har fått snoke i bokhylla hennar.

Surrealisme, dramatikk og kjærleik

Forfattaren har ikkje noka leseliste, og nøyaktig tal på bøker ho les no er difor uvisst.

– Det varierer veldig og spørs jo på lengden på bøkene. Ofte høyrer eg på lydbok også.

På nattbordet finn me titlar som Madame Bovary av Gustave Flaubert, Selected poetry av Lord Byron og Beloved av Toni Morrison.

Når ho skal velge bøker å lese ser ho etter element av surrealisme.

– Noko som er litt litt off/merkeleg, med eit mørke, dramatikk og kjærleik, sci-fi (kanskje mest når det kjem til spørsmål rundt kunstig intelligens), tekstar som er visuelle, skapar stemningsbilete, naturskildringar. 

– Eg er også veldig fan av coming of age-historier.

Nokre gonger har ho hang-ups på ulike tema eller stilartar og epokar.

– For nokre år sidan var det magisk realisme og i fjor var det gotisk litteratur. Akkurat no ser eg etter klassikarar.

Sjølv om lesestilane varierer, er det éin ting som må vere på plass når ho sjølv skal lese: ho må kunne sitte komfortabelt, men ikkje på tog eller i bil.

– Då blir eg diverre litt bilsjuk. Med mindre det er lydbok!

Aliens og unge folk på rømmen

Då ho var liten las både mamma, pappa og besteforeldre for henne.

– Om eg skal nemne dei bøkene eg likte ekstra godt må eg seie diverse Roald Dahl, Svein og rotta-serien av Marit Nicolaysen og Kurt-bøkene av Erlend Loe.

Då ho vart tenåring var det The host av Stephenie Meyer som gjorde sterkast inntrykk.

– Aliens, unge folk på rømmen, masse spenning, masse, masse forelsking og brennande følelsar og lengslar, ja, alt ein fjortis kan ønske seg! 

Sjølv skulle ho ønske ho hadde skrive Is-slottet av Tarjei Vesaas. I tillegg tykkjer ho Frankenstein er ei undervurdert bok.

– Den er jo på ein måte ikkje undervurdert, i og med at den er så kjend, men eg tenker likevel at den i blant blir overskygga av filmatiseringa med det grøne monsteret med spiker i hovudet.

Ho meiner at geniet som skapar noko han ikkje kan ta ansvar for, er like relevant i dag som det var då Mary Shelley skreiv det for over 200 år sidan.

– Og var ho ikkje berre 18 år då ho skreiv det?! Det er ganske vilt. 

(Ho var 18 då ho fekk ideéen og 19 år då ho skreiv ferdig boka, journ.anm)

Roald Dahl for alltid

– Kva meiner du gjer ei bok god? 

– At det er noko der som brenner, som har energi, ei nerve.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Då må eg velge nokon som skriv variert, så eg ikkje går lei. Og som har ei lang liste med titlar. Roald Dahl! Han gav til og med ut kokebok.

Det er nok å ta av i Roald Dahl sin bibliografi.

Gossipe om Welhaven

Om ho kunne invitert kven ho ville, daud eller levande på middag, er ho usikker:

– Never meet your heroes, er ikkje det eit uttrykk? Men eg må jo invitere nokon som det hadde vore kult å prate om skriving med. 

– Det ville vore gøy med nokon frå eit anna århundre også, så middagen blir ei slags reise tilbake i tid (så lenge det er ein type moderne norsk/engelsk eg forstår). Eg inviterer Camilla Collett, eg. Og kanskje vi kan gossipe litt om Welhaven også …

Dersom ein av hennar eigne bøker skulle blitt filmatisert, hadde ho vald Håndball eller helvete.

– Debuten min har ein spesiell plass i hjarta mitt. Hovedpersonen Vilma er fjorten år, så eg tenker ein yngre versjon av Sadie Sink hadde passa bra. Litt utanfor og usikker, men med bein i nasen og glimt i auget!