Fire norske spelarar nominert til Gullballen
Kan ein norsk mannleg fotballspelar for første gong bli kåra til verdas beste, og vil Ada Hegerberg kunne smykke seg med Gullballen for andre gong?
Heile fire norske fotballspelarar er på årets liste over nominerte til Gullballen. Vinnaren av prisen, som blir delt ut av France Football, blir rekna som verdas beste fotballspelar.
Ikkje overraskande er Manchester City-spiss Erling Braut Haaland blant dei nominerte på herresida, saman med Arsenal-kaptein Martin Ødegaard. Lyon-spelar Ada Stolsmo Hegerberg er blant kvinnene som er nominert til Gullballen. Det er også Barcelona-stjerna Caroline Graham Hansen, som er nominert til den gjeve prisen for første gong, skriv NRK.
Med andre ord har Noreg markert seg sterkt på fotballbana det siste året.
Ingen Messi eller Ronaldo
I fotballverda har debatten om kven som er «the GOAT» – den beste gjennom tidene – av argentinske Lionel Messi og portugisiske Cristiano Ronaldo rasa i årevis.
Men for første gong sidan 2003 er verken Messi eller Ronaldo nominert til Gullballen. Messi vann prisen i fjor, og er i tillegg mestvinnande med heile åtte Gullballar. Ronaldo har på si side fem.
Norsk vinnar?
Ingen norske mannlege fotballspelarar har så langt vunne Gullballen, men Haaland vart kåra til årets spiss under fjorårets utdeling.
● Les også: «Haaland eller Garborg – kven er størst?»
Ada Hegerberg fekk Gullballen for kvinnene i 2018, og kan få enda eit trofé å setje på premiehylla i år.
Utdelinga skal vere i Paris 28. oktober.
Yngstemann blant dei nominerte er no 17 år gamle Lamine Yamal, som Framtida.no skreiv om under VM i sommar. Les meir om den spanske verdsmeisteren her!