Teikneserieskapar Marius Henriksen har eit sci-fi-prosjekt på gang.

Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 27.08.2024 08:08

– Eg les altfor lite. Eg er flinkare til å kjøpa bøker enn å faktisk ta meg tid til lesa dei. Eg les mykje teikneserieblad naturlegvis, men skulle gjerne lese fleire bøker, skriv Marius Henriksen i e-post til Framtida.

Den tidlegare læraren står bak den populære teikneserien Storefri, som kjem som eige blad, i tillegg til å gå fast i fleire aviser.

Me har undersøkt lesevanane til teikneserieskaparen.

 

Marius Henriksen

Alder: 33

Frå: Asker

Utdanning: Einar Granum Kunstfagskole og bachelor som faglærar frå HiOA (eller
OsloMet som det heiter no)

Yrke: Serieteiknar

Så trøytt at han ikkje orkar å lesa

Henriksen fortel at han stort sett les norske teikneseriar. Han er glad i biografiar, og det er fleire klassikarar, som Dracula og Odysseen han ser fram til å lesa.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Eg har hatt sjølvbiografien til Chevy Chase liggjande der i snart eitt år. Falt av på kapittel 2, og eg er stort sett så trøytt når eg legg meg, at eg ikkje orkar å opna boka.

Det er heldigvis ikkje i senga Henriksen plar å lese, men godstolen i stova.

Synest humor er best når lesaren kjenner seg att

– Då eg var liten, las mor mi barnebøker for meg på senga. Eg hugsar det gjekk mykje i Roald Dahl ei periode. Eg las også Donald-blad sjølvsagt, det blei handla inn kvar veke.

«Blacksad» blir no gitt ut av Egmont på norsk.

I tenåra handla Henriksen mykje utanlandske teikneseriar på Outland. Særleg Blacksad gjorde inntrykk.

– Kva meiner du kjenneteiknar ein god teikneserie?

– Eg jobbar med humorseriar, eg har lært at dei funkar best viss dei har noko som lesaren kjenner seg att i. Oppskrifta på den typen humor er gjerne at man tek noko kvardagsleg å gjera ein vri på det.

– Kva karakter frå den fiktive verda kjenner du deg mest igjen i?

– Etter at eg fekk små barn kjente eg meg veldig igjen i Kalle frå Lunch. 

– Dersom du berre skulle lesa ein teikneserieskapar eller forfattar heile livet ditt – kven?

– Det måtte vel blitt Frode Øverli. Han var trass alt den som fekk meg til å villa byrja å laga teikneseriar.

Avslører komande bokprosjekt

– Kva teikneserie skulle du ynskja du hadde laga?

– Eg lagar akkurat dei seriane eg har lyst til å laga, men eg planlegg å også laga noko i litt andre format enn det eg har gjort hittil.

– Kva teikneserieskapar eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Vanskeleg spørsmål. Eg veit ikkje om den er undervurdert, men Fagprat av Flu Hartberg skulle eg gjerne sett fleire stadar.

– Kva av seriane dine ville du sett filmatisert – og kven speler hovudrolla?

Her passar det bra å teasa mitt komande bokprosjekt. Eg jobbar med ein sci-fi-barnebok i teikneserieformat. Den skulle eg likt å sjå filmatisert ein eller anna gong. Kven som bør spela hovudrolla har eg ikkje tenkt på, boka er trass alt ikkje ferdig enno.