Vekas viktigaste: Mpox, demonstrasjonar i India og Høiby-utsegn
Thailand får ny statsminister, Marius Borg Høiby har uttala seg om valden og WHO har erklært ei ny folkehelsekrise. Her er nokre av sakene som har prega veka som gjekk.
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
WHO: Mpox er ei folkehelsekrise
Denne veka gjekk Verdas helseorganisasjon (WHO) ut og erklærte utviklinga av mpox i Afrika for ei folkehelsekrise som angår heile verda.
Minst 13 afrikanske land har rapportert om smitteutbrot. Årets smittetal er allereie høgare enn for heile 2023 til saman. WHO rapporterer om over 15 600 sjukdomstilfelle og 537 dødsfall knytt til mpox-viruset så langt i år.
DR Kongo er hardast råka, men sjukdomen har òg kome til nye land som Burundi, Kenya, Rwanda og Uganda.
Mpox, som tidlegare vart kalla apekoppar, vart første gong oppdaga hjå menneske på 1970-talet. Dette er andre gong i løpet av to år at viruset utløyser ei slik folkehelsekrise. Førre gongen var i 2022, og avslutta i 2023.
Medisinprofessor og president i Nigerian Infectious Diseases Society, Dimie Ogoina, åtvarar mot å oversjå viruset og la historia gjenta seg sjølv som i 2022.
– Den pågåande auken av mpox i delar av Afrika, saman med spreiinga av ei ny seksuelt overførbar grein av apekoppviruset er ei krise, ikkje berre for Afrika, men for heile kloten, seier han i pressemeldinga frå WHO.
Denne veka vart det første tilfellet av den nye og meir smittsame varianten av mpox påvist i Norden. Ein person i Sverige vart smitta på reise i eit afrikansk land med pågåande smitteutbrot, melder SVT.
Marius Borg Høiby innrømmer vald mot kvinne
Søndag 4. august klokka 16.10 vart Marius Borg Høiby (27) pågripen ved Jansløkka skole i Oslo, etter avtale med politiet. Tidlegare same dag hadde politiet fått melding om at Borg Høiby hadde utøvd vald mot ei kvinne som han hadde ein relasjon til i ei leilegheit på Frogner.
Marius Borg Høiby er sonen til kronprinsesse Mette-Marit og var fire år gamal då ho gifta seg inn i den norske kongefamilien. Mette-Marit utsette reisa si til Paris på grunn av pågripinga, og Slottet stadfesta overfor Aftenposten at ho har hatt personleg kontakt med den fornærma kvinna.
Høiby er sikta for kroppskrenking og skadeverk. Etter råd frå forsvararen valde han å ikkje forklara seg, før onsdag denne veka. Då kom Borg Høiby med ei utsegn til pressa, der han mellom anna skreiv:
«Eg utøvde kroppskrenkingar og øydela gjenstandar i ei leilegheit i alkohol- og kokainrus etter ein krangel. Eg har fleire psykiske lidingar som gjer at eg gjennom heile oppveksten og det vaksne liv, har hatt, og har utfordringar. Eg har over lengre tid slite med rusbruk, noko eg har vore i behandling for tidlegare. Denne behandlinga skal eg no ta opp att og ta på største alvor», skriv Høiby i utsegna til NRK.
Han omtalar den fornærma kvinna i 20-åra som kjærasten sin, noko bistandsadvokaten til kvinna ikkje kjenner til at er tilfelle no.
Ifølgje bistandsadvokaten til kvinna dreier det seg om kvelartak og slag. Ho stadfesta førre veke at kvinna har fått legetilsyn og er sjukemeld etter hendinga.
Torsdag publiserte VG opptak frå ein telefonsamtale med den fornærma kvinna der Borg Høiby trugar med å setja fyr på eigendelane hennar og uttalar «eg skal drepe han» om ein tredjepart.
Politiet planlegg avhøyr med Borg Høiby neste veke.
Thailand får sin yngste statsminister nokosinne
Torsdag sikra Paetongtarn Shinawatra seg nok stemmer i nasjonalforsamlinga til å ta over statsministerposten i Thailand. 37-åringen er dottera til tidlegare statsminister Thaksin Shinawatra, som i 2006 vart avsett i eit av landets mange kupp dei seinare åra.
Onsdag slo grunnlovsdomstolen i Thailand fast at statsminister Srettha Thavisin frå Pheu Thai-partiet blir avsett, under eitt år etter at han tok over posisjonen.
Domstolen har kome fram til at Thavisin braut grunnlova og dei etiske rettesnorene til regjeringa då han utnemnde den straffedømde advokaten Phichit Chuenban til minister i april i år.
Advokaten vart i 2008 dømd for forakt for retten i samband med ei sak der han var tiltalt for korrupsjon, ifølgje NTB.
Thaksin Shinawatra vert landets yngste statsminister nokosinne når ho tek over vervet. I tillegg vert ho den andre kvinna som har vervet.
USA godkjenner omstridd våpensal til Israel
Denne veka godkjende det amerikanske utanriksdepartementet sal av våpen for 215 milliardar kroner til Israel.
For denne summen får Israel 50 F-15 kampfly, 33 000 stridsvogngranatar, rundt 50 000 bombekastargranatar og nye militære transportkøyretøy, ifølgje NTB.
Leveransen av F-15-flya vil først starta i 2029, og våpensalet skjer samstundes som president Joe Biden legg press på Israel og Hamas, i håp om å få på plass ei våpenkvile.
Samstundes tek menneskerettsaktivistar og medlemmar på venstresida i Det demokratiske partiet til orde for å avgrensa eller stansa våpensal til Israel på grunn av den brutale krigføringa på Gazastripa.
Indiske protestar etter valdtekt og drap på turnuslege
Indiske demonstrantar har teke til gatene etter at ein kvinneleg turnuslege ved eit offentleg sjukehus i Kolkata vart funnen valdteken og drepen 9. august, melder AP.
Ifølgje BBC vart legen funnen på eit seminarrom der ho hadde gått for å kvile etter eit skift.
Ein frivillig person tilknytt politiet er arrestert i samband med ugjerninga, som vert etterforska av føderale myndigheiter.
Denne veka har demonstrantar teke til gatene i fleire byar og på sjukehuset R.G. Kar Medical College, der fleire politifolk vart skadde og politiet brukte tåregass.
Demonstrantane krev betre tryggleik for helsepersonell i landet. Fleire meiner òg at det er snakk om ei gjengvaldtekt med fleire involverte.
Vald mot kvinner i India fekk mykje merksemd etter at ein 23 år gamal student vart funnen brutalt valdteken og drepen etter ein busstur i 2012. Dette førte til store protestar og at landet senka den kriminelle lågalderen frå 18 til 16 år og innførte strengare straffer.
I 2022 fekk politiet i India inn 31 516 skuldingar om valdtekt, noko som ifølgje kriminalstatistikken er 20 prosent meir enn året før.
Politiet får stadig kritikk for å gjera for lite i desse sakene, og det er mistanke om store mørketal.
Over 1,3 millionar høyrde Elon Musk intervjua Donald Trump
Måndag stilte den republikanske presidentkandidaten Donald Trump opp i eit to timar langt intervju med X-eigar Elon Musk på hans eiga plattform.
Dei to snakka mellom anna om Kamala Harris, immigrasjon, attentatforsøket, og Vladimir Putin, Xi Jinping og Kim Jong-un.
Under presidentskapet sitt var Donald Trump ein ivrig brukar av X, som den gong heitte Twitter.
Trump vart utestengd frå Twitter etter opptøyane 6. januar 2021, som han vart skulda for å oppmoda folk til å delta i.
Ein månad etter at Musk tok over plattforma, fekk Trump tilbake kontoen sin.
Vekas lyspunkt: Engelske bønder sine naturtiltak betrar dyrelivet
Bier, sommarfuglar, flaggermus og fuglar nyt godt av engelske bønder sine naturtiltak. Det viser ein offentleg rapport som er omtala av The Guardian.
England har gått over til å betala bønder meir for å la viltliv gro, framfor tilskot til jordbruksareal. Dette er første gong ein rapport ser på kva konsekvensar denne politikken har for dyrelivet.
Særleg fuglane nyt godt av tiltaka. Ein ser nemleg ein 25 prosent auke i hekkande fuglar i område der bønder har gjort tiltak for å vareta naturmangfaldet.
I områda som låg nært tilknytt område som var tilrettelagt for dyreliv, var det òg registrert 53 prosent fleire sommarfuglar, enn dei som ikkje låg i nærleiken av slike område.
– Å levera område av god kvalitet med offentlege tilskot bidreg til å stoppa naturtap, eller til og med reversera det. Mange bønder er nøgde med at det harde arbeidet deira gjev positive resultat, seier Martin Lines, leiar i Nature Friendly Farming Network til avisa.