Club Zero kunne ha blitt ein kultklassikar, men kastar bort potensialet sitt, meiner meldar Rakeb Berhanu Erana.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert
Oppdatert 22.08.2024 13:08

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

I Club Zero tematiserer regissør Jessica Hausner eteforstyrring, og koplar ambisiøst temaet saman med samtidas reine kosthald, diettkultur forbrukarsamfunn og klimakrisa.

Med så mykje interessant tematikk på spel, fell dessverre Club Zero saman og etterlet eit skuffande inntrykk.

Sårbare unge og urovekkjande læring

 

Club Zero

Nasjonalitet/språk: Austerrike, Tyskland, Storbritannia, Frankrike, Danmark, Engelsk

Regi: Jessica Hausner

Noregspremiere: på kino 16. august

Aldersgrense: 9 år

Sjanger: thriller, satire, drama

Filmlengde: 110 minuttar

Rollebesetninga byr på både erfarne og ferske skodespelarar. I hovudrolla som læraren Frue Novak finn vi Mia Wasikowska, kjend frå Alice i Eventyrland (2010). Saman med Wasikowska har ein dei ferske skodespelarane Ksenia Devriendt (Elsa), Luke Barker (Fred), Florence Baker (Ragna) og Samuel D. Anderson (Ben) som elevar.

Club Zero finn stad på ein internasjonal internatskule for born frå velståande familiar. Frue Novak blir tilsett for å undervise i bevisst eting som eit valfag. Elevane Elsa, Fred, Ragna og Ben er sårbare ungdommar med kvar sine spesielle forhold med mat, og blir fort dratt inn i Frue Novak si urovekkjande læring om kosthald og eting.

Visuell stil

Hausner er utruleg dedikert til å ha ein konsistent visuell stil gjennom heile Club Zero – dette er eitt av få positive aspekt ved filmen. Med sine døyvde fargar og tomme, flate senar, kombinert med presise innzoomingar på motiva, skapar filmen ein einsam og eksentrisk atmosfære. Eit gjennomtenkt og urovekkjande lydbilete forsterkar denne stemninga ytterlegare.

Dessutan skal ein gje Hausner ros for å prøva seg på ein mørk satire med Wes Anderson-liknande, kunstnarisk visuell stil. Kontrasten mellom kvalmande senar og denne visuelle estetikken er fangande.    

Sjølv om den visuelle stilen og lydbiletet er utruleg sterke, er elementa ikkje nok til å redda heilskapen.

Overflatisk og tynn handling

Jessica Hausner er kjend for tankevekkjande, komplekse filmar, til dømes hennar 2009-hit Lourdes og Amour Fou frå 2014. Difor undrar eg på korleis Hausner gjekk frå slike solide filmar til Club Zero, med hans flate og lite inspirerande karakterar, i tillegg til overflatisk og tynn handling.

Det er ingen av skodespelarane som er særleg merkbare i rollene sine. Ein kan truleg anta at skodespelarane, særleg dei eldre og erfarne, gjorde sitt beste med det manuset dei fekk. Som skodespelar er det avgrensa kva ein kan gjere når karakterane er dårleg skrivne.

Premissen til Club Zero er bortkasta potensial. Hausner legg opp til ei tankevekkjande, nyansert forteljing om noko som rammar utruleg mange menneske, spesielt sårbare tenåringar. Dessutan set ho eteforstyrringar i større samanheng ved å utforska korleis det relaterer til einsemd, hjernevasking og pseudovitskap. På toppen av dette satiriserer Hausner rike menneske sitt forhold til mat, høgt forbruk, klimakrisa og kapitalisme.

Club Zero tok for seg fleire tema enn han klarar å utdjupa på ein samansett måte. Dette gjorde at kvart tema kjennest overflatisk, inkludert hovudtemaet eteforstyrringar. Handlinga nyttar eteforstyrringar som eit verkemiddel for å nå sluttmålet sitt, i staden for å behandle det som eit eige, sjølvstendig tema.

Kunne ha blitt ein kultklassikar

Det er nesten utruleg korleis ingen av temaa er skikkeleg utforska; heile handlinga kjennest ufullstendig og utilfredsstillande. Til dømes, Club Zero forsøker å visa ironien ved å vera søkkrik og klimaaktivist, men etterlet oss i spenninga utan å gje oss noko djupare innsikt. Slik er det med nesten kvar einaste problemstilling.

Det gjer meg vondt å sjå ein film eg hadde store forventningar til skuffa meg slik.

Club Zero er visuelt imponerande, og hadde ikkje handlinga vore så mangelfull og utan substans, kunne filmen ha blitt ein kultklassikar.