Longlegs landar ikkje alltid heilt på føtene, men når han gjer det, er det noko av det mest ukomfortable eg har vore med på i ein kinosal dei siste par åra. For ein film som dette, er det god ros.

Jenny Lund
Publisert
Oppdatert 09.08.2024 11:08

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

FBI-agent Lee Harker vert sett til å jobbe med ei rekke uløyste og mystiske mord, alle kopla til ein seriemordar berre kjent som Longlegs, namnet han signerer dei koda breva som vert liggande igjen på åstadane med.

Problemet er berre at det ikkje finst fysiske bevis på at han faktisk har vore der.

 

Longlegs

Nasjonalitet/språk: USA, engelsk

Regi: Oz Perkins

Noregspremiere: 02.08.2024

Aldersgrense: 15 år

Sjanger: Skrekkfilm, krim, thriller

Speletid: 1t 41m

Fælt

Skrekkfilm kan vere så mangt, men eg tenkjer at dei greitt kan delast inn i to hovudkategoriar som i nokon grad kan overlappe: Underhaldande og urovekkande.

Longlegs ligg omtrent så langt i sistnemnde kategori som det går an.

Regissør Oz Perkins har skapt noko verkeleg fælt, i hovudsakeleg positiv forstand. Det visuelle, med sine brå glimt av raudt og leik med skjermformatet, sit stadig skarpt i minnet mitt. Opne dører og mørke skuggar – kvar innstilling ser ut til å ha noko som skurrar. Hald auge med låsen.

Dette er langt frå ein splatter, men dei gongene Longlegs vert valdeleg, er det med ein rå, plutseleg brutalitet som ein kan kjenne i magen.

Om ikkje det skulle vere nok, er også ljoddesignet nesten utoleleg trykkjande. Zilgi, som er et pseudonym for regissøren sin bror Elvis Perkins, byr på eit urokkeleg urovekkande ambient ljodspor som gir kvar scene ei ny djupn, som eit bekmørkt musikalsk dragsug som aldri lèt ein kjenne seg trygg. Estetikken er morbid inn til beinet.

Stjerne til bry?

Også skodespelet imponerer. Hovudpersonen Lee er i utgangspunktet ganske emosjonelt inneslutta og held kjenslene for seg sjølv, men sett i situasjonen ho er i er ikkje det lenger ei moglegheit.

Desperasjonen, og ikkje minst frykta, hennar når den stoiske maska kjem av, er meisterleg spelt av hovudrolleinnehavar Maika Monroe. Ho har tidlegare utmerkt seg som ein anna sterk skrekkprotagonist i den moderne klassikaren It Follows, men hadde eg ikkje visst det på førehand, ville eg ikkje tenkt over det – så imponerande annleis er ho her.

Eg er veldig glad i Nicolas Cage som skodespelar, og det gjeld også her, sjølv når det så vidt er mogleg å sjå at det er han. Likevel tek eg meg sjølv i å lure på om det ikkje tek vekk litt av stemninga å ha han i rolla som Longlegs, rett og slett fordi han har eit så tydeleg tilvære. Trass i bra sminke, er det ikkje mogleg å oversjå at ja, det her er Nicolas Cage, spesielt då han innimellom trer inn i den forma for ekstremt skodespel som han er kjent for. Det er ikkje for å seie at det er ein dårleg prestasjon, for det er det absolutt ikkje. Eg veit berre ikkje om det er så lurt at eg vert mint på at favorittfyren min frå Face/Off og Vampire’s Kiss er i denne intense, okkulte seriemordarfilmen.

Samtidig kan eg ikkje seie at eg ikkje sette pris på å puste litt i desse augeblikka, sjølv om det er mi pinglete side som seier det. Det er film til å få vondt i ryggen av, dette.

Emna til overrasking

Til no har eg hatt mest skryt å kome med, men som terningkastet tilseier vart Longlegs ikkje heilt den perfekte seriemordarfilmen som eg hadde håpa på.

Ein av grunnene er at mysteriet i filmen, i alle fall i dei to første to delane, ikkje er så veldig mystisk. Eg ser ikkje på meg sjølv som ein særleg god detektiv, noko eg beviser for meg sjølv kvar gong eg spelar Ace Attorney, men likevel tok det meg ikkje så lang tid før eg hadde svara på ein del av kva som skulle hende vidare. Det er ikkje alltid ein dårleg ting, då det kan skape båe ei slags stoltheit og ei viss forventning når ein har overtaket over karakterane i forteljinga, men her syntest eg ikkje det landa heilt.

Longlegs er på ingen måte ei morosam oppleving, så det var ikkje akkurat så lett å kjenne på noko glede over kor smart eg var. Sjølv om eg vart sittande igjen med ei slags uroleg forventning, forsvann kjensla noko då det viste seg at eg hadde rett. Det er uheldig, då uroa er det sterkaste elementet i filmen.

Mot slutten vert det også gjort ein solid innsats for å knyte alle lause trådar. Sjølv om historia me då får er noko interessant, føler eg at det vert ein viss dissonans mellom forteljing og estetikk. Når filmen så langt har tent så mykje på ukomfortable, uforklarlege bilete og kutt, vert heile inntrykket litt vaska ut av forklaringa.

Å høyre om kva som allereie har hendt, har rett og slett ikkje den same verknaden som å vente i spenning på som kan skje. Der hjernen kunne skape sine eigne monster, vert ei enkel sanning sett inn, og ein kan liksom slappe litt av. Hadde det ikkje vore slik, trur eg at filmen hadde sett seg mykje betre fast i hovudet mitt. Å skrive ein slutt som er båe abstrakt og tilfredsstillande er så klart ei utfordring, men hadde det funka, ville det verkeleg brakt filmen til eit nytt nivå.

I likskap med det som får oss til å le, er det som skremmer oss ofte ulikt frå person til person. Det same kjem ikkje til å funke for alle.

Med det sagt, så gav Longlegs meg pusteproblem.