Meldar Ola Birgitsønn Vik meiner superheltfilmen går i dei same fellene som filmane han prøver å gjere narr av.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert
Oppdatert 09.08.2024 11:08

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

«Deadpool & Wolverine» er akkurat det du forventar deg, full av cameoar frå Marvel-universet, blodige kampscenar og grov humor. For meg fungerte ikkje strategien med å la Deadpool gjere narr av Disneys behandling av MCU, med uinterresante karakterar og hovudfokus på nostalgi, samtidig som filmen gjer akkurat det same.

Deadpool & Wolverine

Regissør: Shawn Levy

Land/språk: USA/engelsk

Sjanger: Action, komedie

Utgivar: The Walt Disney Company

Noregspremiere: 24. juli 2024

Speletid: 2 timar og 7 minutt

 

Når det er sagt, trefte mykje av humoren, og eg er ikkje for god til å setje pris på god action.

Tidspoliti og Wolverine

Eg vil også seia at eg ikkje har lyst til å gjere narr av nokon som likte filmen, dette er berre meininga mi, og all glede du får frå filmen er verdifull, sjølv om eg ikkje likte han.

«Deadpool & Wolverine» er tredje film i Deadpool-serien, kjent for valdsbruken og brytinga si av den fjerde veggen. Wade Wilson startar filmen med å ønskje å gjere noko som verkeleg betyr noko, å vera ein heilt. Han får ei gyllen moglegheit til dette når tidspolitiet, TVA, tek kontakt. 

Dei vil ha han til å forkynne øydelegginga av sitt eige univers, og etter at han nektar, blir han send til tomrommet der alle gløymde idear og karakterar hamnar. Med seg på laget har han ein Wolverine frå eit parallelt univers, men som er identisk «vår» Wolverine på alle måtar som betyr noko. Saman prøver dei å finna vegen heim igjen, endra på fortida, og stoppa øydelegginga av universa.

Referanse-bonanza

Det viser seg fort at dette «tomrommet» er ei dårleg forkledd unnskyldning for å proppa inn så mange referansar til tidlegare gløymde Marvel-filmar og teikneseriar som mogleg.

Den artigaste augneblinken i filmen skjer heilt i starten av reisa gjennom dette tomrommet. Heltane våre møter på ein karakter spelt av Chris Evans. Akkurat når ein trur at han skal ta fram Captain America-skjoldet sitt, seier han orda «Flame On!». Her blir publikum løna for kjennskapen sin til dei tidlegare filmane, og vitsen er djupare enn «denne karakteren har du sett før!». Evans si gjesteframferd er uheldigvis unntaket, og etter innslag av blant anna Wesley Snipes sin Blade og Channing Tatum frå den kansellerte Gambit-filmen, går ein fort lei.

Filmen satsar på at nostalgien skal vera nok for å gjere deg investert i slåstinga, og gjer lite for å visa personlegdommen til dei mange karakterane som dukkar opp. Dei er ikkje meir ein fargerike actionfigurar som filmskaparen kan klaska mot kvarandre. Heldigvis er det veldig underhaldande klasking, og det er artig å sjå etter alle referansane og detaljane i bakgrunnen. Dette er også Marvel sin fyrste film med 16-års aldersgrense, så ein kan forventa ein del blod, spesielt når Wolverine og Deadpool slåst mot kvarandre.

Kalkulert

Heile filmen kjennest veldig kalkulert ut. Første scene er ein slåstkamp sett til ‘N Sync sin «Bye Bye Bye». Det å spela på 90-talsnostalgi er sikkert veldig lurt, no som 80-talsestetikken byrjar å bli oppbrukt. Vitsar som kanskje ville vore veldig morosame og nyskapande for nokon år sidan, treffer ikkje like godt i dagens Marvel-landskap. Sjølv ikkje Dogpool, hunden som er så stygg at han er søt, klarte å forføra meg. Det meste i filmen kjendest ut som tamme gjenskapingar av populære trendar og vitsar frå dei tidlegare Deadpool-filmane.

Superskurk Cassandra Nova, Professor X sin bortkomne tvilling, har veldig høvelege superkrefter som tvingar heltane til å konfrontera sine feil og manglar. I tillegg kjem ho på at ho vil øydeleggja alle andre univers enn sitt eige halvvegs ute i filmen. Dette passar veldig bra, dette er jo element som må vera med i ein standard superheltfilm.

Filmen har lyst til å vera kontrær og gjere narr av dei andre superheltfilmane, samtidig som han gjer alle dei same feila.

Det enda opp med at eg kjende meg dum når eg syntest noko var kult. Det å sjå Wolverine i sitt klassiske teikneserie-kostyme hakke seg gjennom eit hav av Deadpoolar frå ulike univers, hadde ein bitter bismak. Sjølv om det var veldig stilig, kjendest det ut som om Disney sat på toppen av pengefjellet sitt og lo av meg; «Det skal ikkje så mykje til for å underhalde desse tullingane!».

Multivers

Filmen fell i mange av fellene ved å laga ein multivers-film. For det fyrste håpar filmskaparen at den nye Wolverine liknar nok på den gamle til at me skal gløyme at dette ikkje er «vår» Logan. Me får ei tragisk forhistorie, men for min del var det for lite, for seint. Scenane mellom Logan og X-23, jenta frå «Logan»-filmen, kjennest ufortente og tvinga ut, sidan dei eksisterer i eit rar mellomstadium mellom framande og familie.

For det andre kjennest trusselen mot heile multiverset i slutten av filmen veldig tom ut. Dei har ikkje klart å få meg til å bry meg om karakterane i filmen, så eg er likegyldig til om alle i dette uendelege multiverset stryk med.

Filmen prøver å gjere sitt beste med å spela på styrkane sine, action med gjenkjenbare og fargerike karakterar og humor på tvers av den fjerde veggen, men skjønnar sjølv at også dette kan bli kjedeleg i lengda. Resten av speletida fyller dei med halvhjarta drama mellom flate karakterar og element som er med i kva som helst Marvel-film. For min del kunne dei ha halvert speletida, og fokusert på det som gjer Deadpool interessant.

Denne meldinga er nok meir kritisk enn ho treng å vera, men sidan dei ønskjer å setja filmen inn i ein større kontekst, behandlar eg han sånn. Det var vel litt mykje å forventa ei unik filmoppleving frå Disney, som har fått monopol på underhaldningsindustrien med laga tannlause filmar som skal appellere til så mange som mogleg.

Filmen leverte akkurat det han sa han skulle, og eg vil anbefale filmen til dei som vil ha mykje god action, vil ha meir av dei same vitsane frå dei førre Deadpool-filmane, og som synest gjenkjenbare og fargerike kostyme er viktigare enn ein resonnerande historie.