Kai Trump (17) rosar bestefaren på republikanaranes landsmøte

– For meg er han berre ein vanleg bestefar. Han gir oss godteri og coca-cola når foreldra vår ikkje ser, seier Kai Trump om presidentkandidaten Donald Trump.

Åshild Slåen
Publisert

Donald Trump vart den offisielle presidentkandidaten for det republikanske partiet denne veka. På landsmøtet til partiet vart nominasjonen stadfesta, og Trump fekk også presentert visepresidentkandidaten sin, J.D. Vance.

I tillegg var det nok av talarar som rosa presidentkandidaten, inkludert det 17 år gamle barnebarnet til Trump, Kai Trump.

– Eg er her for å dele den sida av bestefar som offentlegheita ofte ikkje ser, opna ho tala si med.

Ho delte minner av bestefar sin framfor tusenvis av dei frammøtte i Milwaukee, og fortalde om sjokket då ho fekk høyre at han vart skoten på i helga.

– Eg ville berre vite at han var OK, og det er hjarteskjerande at ein person kan finne på å gjere noko slikt mot ein annan person, sa ho.

Då Donald Trump var president frå 2017 til 2021 var fleire familiemedlem djupt involverte i administrasjonen hans. Dottera Ivanka Trump og mannen hennar Jared Kushner var begge seniorrådgjevarar for presidenten.

Dei yngre familiemedlemene har derimot vore meir skjerma frå mediemerksemd. Den yngste sonen hans, Barron Trump (18), har vore lite i søkelyset. Kai Trump er den eldste av dei ti barnebarna til presidentkandidaten.