Sverre Matias Smith (28) fortel at han snubla litt inn i kinomaskinist-yrket, men trivst betre og betre jo lengre han held på.

Oda Sundgot
Publisert

– Kinomaskinist-yrket er eit botnlaust hol som eg aldri blir ferdig med å lære om, seier Sverre Matias Smith (28).

Han er kinomaskinist og teknisk leiar på Vega Scene i Oslo. På sida er Smith filmskapar.

Namn: Sverre Matias Smith

Alder: 28

Yrke: Kinomaskinist

Utdanning: Filmskapar ved Filmkunstskulen i Kabelvåg (no heiter linja Bevegelige bilder og ligg under UiT Norges arktiske universitet)

Den hemmelege kjernen

Smith starta å jobbe på kino då han var 17. Då var han billettkontrollør og jobba i kiosken på Drammen kino. Etter å ha studert filmskaping på Filmskunstskulen i Kabelvåg byrja han som kinomaskinist i Drammen.

Sverre Matias Smith (28) på taket på Vega Scene. | Foto: Oda Sundgot

– Eg trur dei fleste snublar inn i yrket. For meg var kinomaskinist ein veldig tilgjengeleg jobb etter å ha studert film, seier han.

– Dessutan var eg veldig interessert i det som skjer på bakrommet. Maskinrommet er liksom den hemmelege kjernen i kinoen.

Oppgåva til ein kinomaskinist er å gjere filmen klar til vising. Om maskinisten har gjort ein god job, er det ingen som merkar han.

– Folk trur at filmen berre magisk dukkar opp på lerretet. Men utan ein kinomaskinist er han i verste fall umogeleg å vise, seier Smith.

Om det er problem med projektorane må maskinisten feilsøke og prøve å løyse problemet. I tillegg må han teste alle filmane og justere lyd og lys slik at filmen blir vist slik filmskaparen vil at publikum skal sjå han.

Video: Oda Sundgot via GIPHY

– Korleis bestemmer du når lyset skal på etter filmen er ferdig?

– På kommersielle kinoar plar dei skru på lyset nesten med ein gong. Eg ser det an på filmen. Om det er ein veldig sterk film plar eg vente ganske langt inn i rulleteksten før eg skrur på lyset.

Hoppa over jobbintervju

I 2019 byrja han å jobbe på Vega Scene, som både syner teater og kino. Då var Vega nesten heilt nyopna.

– Eg møtte ein eks-kollega på ein bar etter eg hadde flytta til Oslo. Ho fortalde at det var heilt manko på maskinistar på Vega og oppmoda meg å ta kontakt med teknisk leiar.

– Eg blei kalla inn til det eg trudde var eit jobbintervju, men som viste seg å vere min fyrste dag på jobb. Det var inga opplæring, og eg blei hivd rett inn i arbeidet.

– Eg kan overleve alt

Lydsporet ligg på kanten av filmen. Det følger med både digitalt og analogt lydspor som projektoren les av. | Foto: Oda Sundgot

Smith har òg vore med på å utvikle tilbodet til Vega. I fjor fekk dei 35mm-projektorar som kan vise analog film.

Når dei skal vise filmar på 35mm får maskinisten meir å gjere under framvisinga.

Ein film på to timar er om lag 3,5 kilometer lang, men det er berre plass til 600 meter på ein spole. Difor har Vega to projektorar, slik at dei kan vise filmen utan pause. Kinomaskinisten må passe på å sette inn filmen heilt rett i projektoren.

Med ein gong filmen har starta må han gjere klar neste rull med film på den andre projektoren, slik at han er klar til å byte i rett tid.

– Den fyrste filmen vi viste på 35mm var Oppenheimer som er tre timar lang. Eg hadde aldri brukt 35mm-projektor, så eg fekk opplæring dagen før. Under framsyninga stod eg og sveitta i maskinrommet, seier han.

– Heldigvis kom vi gjennom utan problem og fleire tilsette på Vega kom opp og applauderte. Etter det har eg tenkt at eg kan overleve alt.

Etter fem år på Vega har Smith fått meir ansvar og fekk tittelen teknisk leiar i 2022. No har han ansvar for å følge opp dei andre maskinistane og halde ved like kvaliteten på framvisingane.

Han fortel at han er stolt over arbeidsplassen sin.

– Vega har blitt viktig for byen, og det er fint at folk kan vere her utan kjøpeplikt. Dessutan er det masse engasjerte folk her, eg føler at eg møter bestevennane mine kvar dag, seier han.

Magekjensle

Smith held fram som både kinomaskinist og filmskapar. Han trur det er nyttig å kunne begge delar.

– Eg føler at eg har betre kontakt med kinoformatet når eg lagar film. Det hjelper òg å kunne språket når eg skal kommunisere med filmskaparar.

Mykje av kinomaskinistfaget handlar om intuisjon og magekjensle.

– I denne jobben finst det ingen ultimat guide. Eg har lært meg å omfamne tvil, at det er fint å ta feil.

For Smith handlar film om rytme, tid og stemning. Han meiner film er nærare musikk enn teater. Som filmskapar er han opptatt av improvisasjon og samarbeid med skodespelarar.

– Den beste filmen eg har sett i år er About Dry Grasses, ein tyrkisk film som går veldig inn i stemning og karakter.

Han trekker òg fram Furiosa: A Mad Max Saga, ein film han blei positivt overraska over.

– Det var ein stor diskusjon om vi skulle vise han på Vega, men då eg såg han tenkte eg: den må vi ha. Furiosa er ein skikkeleg kinofilm. Filmskaparane bruker kinorommet godt og filmen har eit massivt lydbilete.

– Kven passar dette yrket for?

– Dei som er interessert i prosess og har blikk for detaljar. Ein av maskinistane brukte å jobbe på Eplehuset. Ho er veldig god til å skøyte film fordi ho har jobba med å klistre på skjermbeskyttarar.