Love Lies Bleeding – i utgangspunktet ein ganske rå film

Rose Glass sin sjangerglade romantiske thriller viser musklar, men kunne ha slått enda hardare, meiner filmmeldar Jenny Lund.

Jenny Lund
Publisert

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Når kroppsbyggaren Jackie set fot på treningssenteret som Lou er manager for, fell dei to raskt og hardt for kvarandre. Mens Jackie er på flyttefot, haikande mot kroppsbyggardraumen i form av ein konkurranse i Las Vegas, har Lou aldri forlate heimstaten New Mexico.

Love Lies Bleeding

Nasjonalitet/språk: USA, Storbritannia, engelsk

Regi: Rose Glass

Premiere: 5. juni (Vega Scene)

Aldersgrense: 15 år

Sjanger: Drama, action, thriller, horror

Speletid: 1t 44m

Søt romantikk tek ein sving mot det ubehagelege då Jackie, i eit augeblikk av raseri, hamnar midt i kaoset til Lou sin kriminelle familie.

Vil kjærleiken deira overleve krisa, eller er dei dømde til å rivast frå kvarandre, dratt mot kvar sine mål?

Kompleks og kul

Love Lies Bleeding er mykje på ein gong: Ei kjærleiksforteljing, eit fleirsida familiedrama, ei forteljing om stadig eskalerande kriminalitet, samtidig som han er innom kroppsbilete og steroidemisbruk. I sentrum står Lou og Jackie, men også karakterane i utkanten får noko å tyggje på, og bidrar alle til å utbrodere handlinga. Det hjelper at skodespelet jamt over er knallbra.

Filmen er sett til året 1989, men det er ikkje berre den estetikken som kjem med settinga som har eit retropreg over seg. Dette er ein krimthriller av sorten ein ikkje ser så ofte lenger, gjennomsyra av trøblete karakterar og med røykjande erotikk innbakt i det heile. Filmskapinga er rett og slett kåt på ein måte som er forfriskande fri for kompleks, men med ein djuptsittande kompleksitet. Sex er ikkje problematisk, men måten karakterane nyttar det på, er ei anna sak.

Heller ikkje valden vert det halde tilbake på. Nokon av scenene her er brutale på ein måte som kan gi søkk i magen på ein, med solide mengder gørr. Mogleg synest ikkje alle at det er ein positiv ting, men som ein splatter-entusiast var eg høgst nøgd. At Glass sin førre film, debuten Saint Maud, var ein skrekkfilm, gjev meining. Også den sjangeren snik seg inn i visse sekvensar.

Dette er ein film som verkar skikkeleg glad for å vere seg sjølv, og regissør Rose Glass er villig til å tre inn i eit svært stilisert territorium – på godt og vondt.

Balansekunst

Det er ikkje det at eg ikkje likte Love Lies Bleeding, fordi det gjorde eg verkeleg. Eg er glad eg såg han, og vil anbefale andre å gjere det same. Likevel sat eg igjen med kjensla av at ikkje alle elementa passa så godt saman som eg skulle ønskje.

Sjølv om handlinga i første omgang verkar som om ho er ein smule ufokusert, fell alle brikkene elegant på plass til slutt, utan at ei einaste scene kjennest overflødig. På det punktet har filmen likevel brukt så mykje tid på dette at eg ikkje er sikker på om det ferdige puslespelet heilt kan gjere opp for vegen til det.

Eg tek meg og i å lure på om tida ikkje kunne vore brukt betre om ein blei litt meir kjend med hovudkarakterane.

Regissør Glass sin ekstravagante stil utgjer mykje av filmen sin kjerne og energi, men tidvis fungerte dei elles kule stilgrepa ikkje så godt for meg. Spesielt ein sekvens nær filmen sitt klimaks slo meg som litt klein, når eg trur poenget var at eg skulle kjenne litt ærefrykt. Desse augeblikka som ikkje landar, er i mindretal, men for meg sette dei likevel nokre kjeppar i hjula på det som i utgangspunktet var ein ganske rå film.

Med det sagt har eg tenkt ein del på Love Lies Bleeding i etterkant. Det er utvilsamt noko fascinerande med korleis filmen tøyer grensene av kva kjærleik kan vere, og eg har stor respekt for Glass sine ambisiøse stilval.

Dette er ein film som mange kjem til å elske, og ha rett i det, sjølv om han ikkje landa heilt der for meg.