Naturkatastrofar og åtak mot Rafah har prega veka som gjekk.
Naturkatastrofar og åtak mot Rafah har prega veka som gjekk.
Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 05.06.2024 14:06
Den siste veka har Israel gjennomført fleire åtak mot Rafah, heilt sør på Gazastripa. Laurdag morgon braut dei med FNs internasjonale domstol sin ordre om å stoppe offensiven mot Rafah.
Israels president Benjamin Netanyahu har beklaga åtaket mot ein flyktningleir i såkalla «trygg sone», der minst 45 personar mista livet. Han seier det skal bli undersøkt.
Tysdag skal 21 menneske ha mista livet i eit nytt åtak mot ein teltleir vest for Rafah. Israel nektar for at dei står bak, ifølgje Reuters.
Tryggingsrådet i FN er i krisemøte der dei diskuterer korleis dei vil reagere på åtaka frå Israel mot Rafah.
Åtaka har også blitt møtt med sterke reaksjonar blant folk. Ein illustrasjon med bodskapet «All eyes on Rafah» har blitt delt nærmare 40 millionar gonger på Instagram.
Onsdag 29. mai gjennomførte Sør-Afrika val til ny nasjonalforsamling. Førebels ser det ut som African National Congress (ANC) tapar fleirtalet sitt, men presidenten deira, Cyril Ramaphosa, får sitje fem år til.
Sidan apartheidregimet i Sør-Afrika vart oppløyst i 1994 har ANC hatt fleirtal, med Nelson Mandela som president dei første åra. Partiet mista mykje tillit på grunn av korrupsjonsskandalar medan Jacob Zuma var president, frå 2009 til 2018. Cyril Ramaphosa, som overtok som partileiar og president etter Zuma, har forsøkt å kjempe mot korrupsjon, men saman med høg arbeidsløyse, fattigdom og kriminalitet har det ikkje vore nok for å vinne tilbake tilliten til partiet.
Sidan ANC mistar fleirtalet, vil Sør-Afrika difor for første gong få ei samarbeidsregjering.
Sundag vart Papua Ny-Guinea ramma av eit stort jordras. FN seier at rundt 2000 truleg har omkomme, men hjelpearbeidarar har ikkje fått grave fram alle som vart teke av raset.
Brukollaps etter raset gjer hjelpearbeidet vanskelegare. I tillegg fryktar ein at jorda, som no er gjennomvåt, vil føre til fleire skred, spesielt dersom det blir meir regn i området.
Raset skjedde i provinsen Enga, i den nordlege regionen av landet. Fleire av dei påverka av raset er personar som har flykta frå konflikt i andre delar av provinsen.
Dødsfall som kom av sjølvmord, alkohol og narkotika auka kraftig i 2023. Det viser nye tal som Folkehelseinstituttet (FHI) publiserte denne veka.
693 menneske tok livet sitt i fjor, 70 fleire enn året før. Det er ein oppgang på 11 prosent. Ein må tilbake til 1988 for å sjå like høge tal.
– Det høge talet i 2023 føyer seg inn i ein trend som byrja før pandemien med aukande sjølvmordstal, seier overlege Marianne Strøm ved Dødsårsaksregisteret, FHI, i pressemeldinga.
2023 hadde også det høgaste talet på folk som døydde på grunn av narkotika sidan 2001, med 363 overdosedødsfall.
Kreft er framleis den hyppigaste dødsårsaka, med over 11 000 dødsfall, men dette talet er fallande. Dødsfall frå hjarte- og karsjukdomar går også ned til nivået før pandemien.
Covid-19 dødsfall går også ned. I 2023 var det 1 275 dødsfall som hadde covid-19 som årsak, mot 2 860 i 2022.
Unio har varsla opptrapping av streiken sin måndag, som spesielt vil ramme grensekontrollen på Oslo og Bergen lufthamn. Akademikerne følgjer også etter ved å ta ut fleire i streik, inkludert 221 tilsette i Nasjonal sikkerheitsmyndigheit.
Samstundes er det fare for at pilotane i Norwegian går ut i streik fordi dei vil ha høgare lønn. Fagforeininga Parat er i forhandlingar med NHO Luftfart, og fristen for å bli einige er midnatt, natt til laurdag.
Streiken til tilsette på Oslo og Bergen lufthavn vart derimot avblåsen denne veka, då Fellesforbundet vart einige med NHO Luftfart.
Den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump er funnen skuldig i å ha forfalska rekneskap. Rettssaka gjekk føre seg i New York.
Straffa blir truleg ei stor bot, men han kan også få fengselsstraff.
Forsvararane til Trump har varsla at dei kjem til å anke dommen. Ein slik anke må bli varsla innan ein månad, og papira må vere sende inn innan eit halvt år.
Dommen hindrar han ikkje frå å bli valt som president i det komande valet i november.
Tysdag vart årets Michelin-stjerner delt ut. Då fekk tre ny norske restaurantar ei stjerne:
I tillegg vart Re-Naa i Stavanger den andre restauranten i Noreg, etter Maaemo, med tre Michelin-stjerner. Tre stjerner skal i Michelin-guiden markere at ein restaurant har eksepsjonell matlaging som er verd ei ekstra reise.