«Guilty pleasure»-låten er hans er Eh, Eh av Lady Gaga, og det kan fort gå med 3–4 timar om dagen til å høyre på musikk.

Kristin Molvær
Publisert

Ruben Markussen, best kjend under artistnamnet Ruben. Nordlendingen som tok oss med storm med Lay by Me, som han også vann årets låt for under Spellemann i 2019.

No er han klar for ein sommar med konsertar på ulike festivalar, og med i kofferten er den nye låten Desember (honey, honey).

 

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Ruben (@theartistruben)

Fakta

  • Namn: Ruben Markussen
  • Alder: 29
  • Frå: Bjarkøy
  • Aktuell med: Singelen December (honey, honey)
Ruben har dei siste åra blitt eit kjend namn. | Foto: Ignat Wiik

– Dør for den dama

Lidenskapen for musikk er stor og variert. Det er likevel eit par favorittartistar som går igjen.

– Kva var det første albumet du kjøpte sjølv?

– Rihanna – Rated R

– Kva er di største konsertoppleving?

– Må vere første gong eg såg Rihanna live! Døyr for den dama.

Då er det kanskje ikkje så rart at han gjerne kunne stått fast i heisen med same artist.

Kva ville du snakka om?

– Ser for meg at det kunne vore gøy å bli kjent med ho og forstå korleis ho tenker når ho lagar eit album. Eg hadde nok ikkje klart å seie eit einaste ord, men det hadde vore ei morosam historie å fortelje til folk.

«Hver gang vi møtes»

– Om du fekk vere med på «Hver gang vi møtes», der deltakarane er både norske og internasjonale, kva for artistar ville du delteke med?

– Sivert Høyem, Bavé, Dijon, Anastacia, Melissa Horn og Rihanna.

Tidlegare i år dukka Ruben opp på ein låt under årets sesong av programmet. Det var på Matoma sin cover av Emelie Hollow sin Alene sammen.

 

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Matoma (@matoma)

– Kva for ein av låtane dine drøymer du om å høyre tolka, og av kven av artistane?

– Hadde jo vore heilt rått å høyre Rihanna tolke den nye låten min December (honey honey) som kjem ut snart, men utanom det så hadde det vore heilt sjukt å høyre Sivert Høyem tolke låten min Lay By Me.

 – Kva låttolking ville du sjølv spelt for ein annan av artistane?

– Anastacia – Sick and Tired hadde vore så gøy, hahah.

EDM og draumeduett med Sivert Høyem

Slik som underteikna, hadde Ruben ei sterk dragning mot ein viss svensk DJ sin musikk i tenåra.

– Som tenåring høyrde eg veldig mykje på EDM og eeeelska Avicii (gjer framleis det), men no synest eg EDM er litt kjedeleg og bråkete heh.

I dusjen syng han litt ulike ting, men det går litt i Rihanna der også.

– Det går for det meste i balladar, det har vore mykje Love On The Brain av Rihanna, men også Zach Bryan med I Remember Everything.

– Kva/kven er verdas mest undervurderte band/musikar?

– Bavé!!!!!! Ein svensk artist eg la merke til for første gong under By: Larm-festivalen 2023. Heilt rå på scena og musikken er magisk!

Denne svensken står også bak favorittlåten til Ruben, som du finn litt lenger ned i saka.

– Kven er din draume-duettpartnar – og kva låt skulle de teke?

– Eg har lenge drøymt om å kunne gjere ein låt med Sivert Høyem! Det måtte nok blitt ein form for ballade. Typ som I Remember Everything av Zach Bryan.

– Om det er ein låt du skulle ynskje det var du som hadde laga – kva låt er det?

– Frank Ocean – Lost. Blir aldri lei den låten.

Oslo 20230622. Sivert Høyem i Madrugada under musikkfestivalen Tons of Rock på Ekebergsletta i Oslo. Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Gjer som Ruben, på med solbrillene og skru opp volumet. No er det sommar, og snart ferie! | Foto: Ignat Wiik

Dette høyrer eg på når eg er …

… glad: Jungle – Back On 74
… lei meg: Zach Bryan – Something In The Orange
… sint: Dijon – Many Times
… treng ein sjølvtillitsboost: Tinashe – Rascal

Favorittsjanger: Pop/RnB
Favorittband/artist: Rihanna
Favorittlåt: Bavé – Shells Don’t Crack

 

Beste treningslåt: Fred Again – Danielle

Verdas beste kjærleikslåt: Sasha Alex Sloan – Hypochondriac

«Guilty pleasure»: Lady Gaga – Eh Eh

Bryllaup og gravferd

– Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

– Veldig klisjé, men Brandi Carlile – The Story

Over til noko litt meir dystert …

– Kva låt vil du ha i gravferda di?

– Oi, dark. Hmm, trur eg ville ha halde det enkelt og fint med Alice Boman sin låt Waiting.

Og til slutt:

– Kva låt har du dilla på no?

– Conan Gray – Fainted Love!