Nye mai-varmerekordar fleire stader – kan bli varmaste mai i moderne tid

Fleire stader vart det sett varmerekordar for mai søndag, og 2018-rekorden for varmaste mai på landsbasis kan bli slått.

NPK-NTB
Publisert

I Frosta vart det målt 31,1 grader søndag, som er fylkesrekord for Trøndelag. Den førre maiairekorden vart målt i Namsos, med 30 grader i 2013, skriv VG.

Også Møre og Romsdal har slått mairekorden sin søndag, ifølgje avisa. Åndalsnes har målt 30,9 – mot 30 grader i Marstein i 2018.

– Det er mange stader som har slått varmerekordane sine for mai søndag, seier meteorolog Terje Alsvik Walløe til avisa.

Også Trondheim, Ålesund og Molde har slått sine førre mairekordar. Bodø målte 24,5 grader, noko som er ei tangering av rekorden i 2013.

– Sør-Noreg har hatt ein skikkeleg varm mai i år, uvanleg varm. Mai i år konkurrerer med 2018 om å vere den varmaste, seier Walløe.

– Det blir litt spennande å sjå om vi klarer å slå rekorden, legg han til.

Varmt har det også vore i Bergen den siste tida. Ifølgje Bergens Tidende kan byen setje rekord i talet på sommardagar, altså dagar med temperatur over 20 grader, i mai. Den førre rekorden er på 18 sommardagar, og søndag hadde byen hatt 17 slike dagar. Måndag er det meldt 21 grader.