Revidert nasjonalbudsjett 2024

Når ikkje mål om bistand: – Vi kan ikkje sende rekninga til verdas fattigaste

Bistandsbudsjettet i det reviderte nasjonalbudsjettet er blant dei største nokosinne. Leiarane for Sosialistisk Ungdom og Changemaker meiner det likevel ikkje er nok.

Oda Sundgot
Publisert

Regjeringa la ut det reviderte nasjonalbudsjettet klokka 10.45 tysdag. I det nye budsjettet kjem regjeringa med endringar og justeringar i budsjettet dei vedtok i desember for 2024.

Synnøve Kronen Snyen, leiar i Sosialistisk Ungdom, meiner regjeringa ikkje gir nok pengar til bistand.

I det nye budsjettet vil 0,98 prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI) gå til bistand.

– Eg er skuffa over at regjeringa ikkje har nådd målet om å bruke éin prosent på bistand. Verda er i krise og behovet for bistand har nok aldri vore større, seier Snyen.

Målet om å bruke éin prosent av bruttonasjonalinntekt på bistand har vore del av norsk utanrikspolitikk i fleire tiår. FN har òg eit mål om at alle rike land skal gi 0,7 prosent i bistand.

– Dei fattige skal ikkje betale

Ifølge pressemeldinga frå regjeringa, er bistandsbudsjettet i år det nest største nokosinne.

Bistanden til Ukraina og Palestina aukar. Bistanden til Ukraina stig med over éin milliard, frå 6,3 til 7,4 milliardar kroner. Ifølgje NRK får Palestina éin milliard kroner, ein auke frå 250 millionar i det opphavlege budsjettet.

– Sjølv om dette inneber krevande omdisponeringar, er regjeringa sine prioriteringar framleis tydelege. Vi har framleis fokus på, og bidrar solid for å oppnå berekraftsmåla, og vi skjermar kjernebidrag til FN, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinneberg (Sp) til TV2.

Snyen meiner likevel at dette ikkje er nok.

– Når statsbudsjettet blir større og større for kvart år bør målet om éin prosent framleis ligge fast. Det kan ikkje vere verdas fattigaste som betaler prisen for at Noreg blir eit rikare land, seier ho.

– I år ligg ikkje Noreg an til å nå målet, sjølv om behova ute i verda er større enn på lenge. Det er skuffande at Ap og Sp ikkje prioriterer dette.

Afrika taper

Snyen er ikkje aleine om å vere kritisk til bistandsbudsjettet. I ei pressemelding frå Changemaker kritiserer dei mangelen på støtte til Afrika.

– Krigen i Europa og katastrofen i Gaza krev all støtta og merksemda vår. Det er kritisk at bistanden til dei som er ramma av desse konfliktane. Men, dette må komme som friske middel, seier Marte Hansen Haugan, leiar i Changemaker.

Ho peiker på tal frå Norad som seier at Europa har vore den største mottakaren av norsk bistand. Støtta til Ukraina er større enn støtta til alle land i Afrika sør for Sahara.

– Vi har tent stort på sal av gass under Ukraina-krigen, medan Afrika har blitt den store taparen her òg. Då kan vi ikkje sende rekninga til verdas fattigaste, seier Hansen Haugan.

Thea Myhr, organisatorisk nestleiar i KrFU, er kritisk til pengebruken i nasjonalbudsjettet.

Thea Myhr, organisatorisk nestleiar i KrFU, skriv til Framtida at ho er kritisk til korleis regjeringa bruker bistandspengane.

– Igjen har regjeringa gløymt den største humanitære krisa i verda, når dei kuttar bistand til Afrika for å bruke pengar på flyktningutgifter her heime.

Utviklingsministeren meiner dette er ein vanleg praksis òg i andre land.

– Denne praksisen går begge vegar. Før krigen i Ukraina, kom det få flyktningar til Noreg. Då kunne vi bruke meir pengar på ordinær bistand. No kjem det fleire flyktningar, og då må vi omprioritere, seier ho til Panorama.

Friske middel

Julia Eikeland, internasjonal leiar i AUF, meiner Noreg må gjere meir.

Julia Eikeland, som er internasjonalt ansvarleg i AUF sitt sentralstyre, skriv til Framtida at Noreg burde gi meir.

– Det er veldig bra og viktig at vi går inn for å gi meir pengar til Gaza, sjølv om det ikkje burde gått på kostnad av andre bistandsmiddel. Vi er verdas rikaste land og burde klare å bruke meir på bistand.

Andrine Hanssen-Seppola er leiar i Senterungdommen.

Andrine Hanssen-Seppola i Senterungdommen er nøgd med bistandsbudsjettet.

– Det er bra at regjeringa gir nødvendig hjelp til Gaza. Dessutan er vi i Senterungdommen veldig nøgd med at Noreg når målet om at to prosent av nasjonalbudsjettet går til forsvaret.

Kuttar klima

Pengane som går til Palestina og kostnadar knytt til aukinga i flyktningutgifter fører til kutt i annan bistand. Det blir mindre middel til helse, klima og frivillig sektor.

– Vi veit at dei fattigaste landa opplever dei hardaste konsekvensane av klimakrisen og er bekymra over at regjeringa vel å kutte middel til klima, seier Changemaker-leiaren.

Sidan den sittande regjeringa er i mindretal, er dei avhengig av støtte frå SV.

– No skal SV forhandle med regjeringa. Vi forventar at SV prioriterer utsleppskutt, auka barnetrygd, meir pengar til politi og krisesenter for å motarbeide vald mot kvinner og meir bistand til Gaza og sultkatastrofen i Sudan, seier Snyen.