Gjekk for «russelimo» i staden for buss

«Egoland 2024» var ikkje så gira på russevan. Difor valde dei eit anna alternativ.

Åshild Slåen
Publisert

– Vi trudde jo at vi skulle få hat, men vi fekk jo berre kompliment.

Det seier Maik Matteo Neper (18) på telefon til Framtida om korleis køyretøya deira vart tekne imot på landstreffet i Stavanger.

Neper er ein del av «Egoland 2024» (oppkalla etter Undergrunn-albumet), ei russegruppe med 13 personar på Bømlo. Dei har planlagt russetida i eitt år, og har gått for noko litt anna enn ein tradisjonell van eller buss.

Med sju sitteplassar i tillegg til sjåfør i kvar limousin, er det meir enn nok plass for 13 russ. Foto: Privat

– Vi tenkte eigentleg på å ha buss, men så hadde pappa akkurat importert nokre limoar, så då greip vi den moglegheita og kjøpte dei.

Russetid for ein halv million

Resultatet vart to limousinar, ein svart og ein kvit, til 200 000 kroner for kvart køyretøy. Dyrare enn ein van, men mykje billigare enn mange russebussar.

– Vi har installert eit anlegg til 30 000 kroner, LED-ljos, UV-ljos og røykmaskin, fortel Neper.

Maik Matteo Neper på landstreffet. Foto: Privat

Med klede og anna utstyr blir det ein kostnad på rundt 500 000 kroner fordelt på dei 13 gutane. Fyrste helga i mai fekk dei vist fram investeringa si på landstreffet i Stavanger.

– Korleis var det på landstreff?

– Kjempegøy, med masse gode konsertar. Vi stod ved bussplassane, og alle syntest limoane var tøffe.

Annleis russ

Gruppa er ei god blanding av russ, med lærlingar, folk som går påbygg, eller går studiespesialiserande.

Det var god stemning både i og utanfor limousinane på landstreffet. Foto: Privat

Maik Matteo Neper har sjølv gått Teknologi og industrifag, og er no lærling på båt.

Alle i «Egoland 2024» er uansett klare for å feire den siste tida si på vidaregåande.

– Namnet passar til oss, tenker eg, sidan det er litt annleis og vi er litt annleis.