Stord-artisten har for tida dilla på «Doing It Again Baby» av girl in red, og guilty pleasure-låten hennar er «Don’t Go Breaking My Heart» av Backstreet Boys.

Kristin Molvær
Publisert
Oppdatert 06.05.2024 08:05

Hilde Skaar, kjent under artistnavnet SKAAR, debuterte i 2018 som soloartist med singelen «Higher Ground».

No er ho aktuell med EP-en «Mad Women», med eit stjernelag av kvinnelege gjesteartistar som Emilie Nicolas, Ane Brun, HILLARI og Fay Wildhagen.

Fakta

  • Namn: Hilde Skaar
  • Alder: 25
  • Frå: Stord
  • Aktuell med: EP-en «Mad Women»

Spellemann og cover

Nyleg vann ho også prisen for årets låtskrivar på Spellemann-utdelinga.

 

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av SKAAR (@skaarofficial)

På spørsmål om kva låtar ho gjerne skulle stått bak sjølv, svarar singer-songwriteren to klassikarar.

– «I Can’t Make You Love» me av Bonnie Ryatt eller «Fix You» av Coldplay!

– Og kva for ein av låtane dine drøymer du om å høyre tolka av kva for ein artist?

– Å høyre Gabrielle synge «Quiet» hadde vore heilt magisk.

Dette høyrer ho på når ho er …:

… glad:
«Lisztomania» – Phoenix

… lei seg:
«Rosyln» – Bon Iver

… sint: Alt av BANKS! Aller mest «Till Now»

… treng ein sjølvtillitsboost: «Gimme» – BANKS

Tenårings favorittane går på repeat

Skaar fortel at det går ein del timar til musikklytting.

– Det varierer veldig! Kanskje éin time i gjennomsnitt kvar dag. Høyrer òg ekstremt mykje på podkast!

Det første albumet stordabuen kjøpte var på barneskulen, «Greatest Hits» av Foo Fighters.

– Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

– Utruleg bra! Eg går ofte tilbake til den musikken eg likte då. Eg har ganske lik smak no som då!

Den mest undervurderte artisten, er ifølge Skaar ein av hennar store favorittar: BANKS.

– Ho er dødsrå!

Lenger ned i teksten dreg ho fram nokon av favoritt låtane sine av artisten.

Favorittar

Favorittsjanger: Pop/indie

Favorittband/artist: Coldplay, Bon Iver, BANKS

Favorittlåt: «Life in Technicolor ii» – Coldplay

Beste treningslåt: «Boss Bitch» – Doja Cat

Verdas beste kjærleikslåt: «I Can’t Make You Love Me» (Bon Iver versjon)

Guilty pleasure: «Don’t Go Breaking My Heart» – Backstreet Boys

Nye låtar og Emilie Nicolas

– Kva syng du helst i dusjen?

– Enten eigne unreleased låtar som eg gler meg til å gje ut eller så går det mykje i Bon Iver og Emilie Nicolas!

– Kva for artist ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?

– Florence Welch! Ho verkar utruleg kul. Hadde snakka om musikk og datingliv!

Om ho fekk vere med i «Hver gang vi møtes», har ho artistlista klar.

– Thomas Dybdahl, Odd Nordstoga, Emilie Nicolas, Gabrielle og Ane Brun hadde vore rått!

Florence Welch, kjend frå bandet Florence and The Machine er ei dame Skaar gjerne ville ha skravla litt med. | Foto: AP Photo/Katy Winn

 

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av SKAAR (@skaarofficial)

– Kva låttolking ville du spelt for ein av dei andre artistane?

– Ville utan tvil ha spelt «Feel fine» av Emilie Nicolas. For ei nydeleg låt!

Største konsertoppleving og den ultimate bryllaupssongen

Den største konsertopplevinga hennar var med den kjende norske rap-duoen Karpe i Oslo Spektrum.

– Det var heilt ellevilt og noko eg aldri kjem til å gløyme!

– Kven er din draume-duettpartnar – og kva låt skulle de teke?

– Det er utan tvil Chris Martin. Kanskje «The Scientist» sidan eg har ein versjon av den sjølv! Liten tostemt der på refrenget hadde vore rått, haha!

Her kan du høyre SKAAR sin versjon av Coldplay-låten, om du vart nysgjerrig:

– Kva låt har du dilla på no?

– «Doing It Again Baby» av girl in red elskar eg no!

– Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

– Hmmm …«Iris» frå The Goo Goo Dolls. Gigantisk guilty pleasure og ultimate lovesong!

Til slutt eit litt dystert spørsmål:

– Kva låt vil du ha i gravferda di?

– Kanskje noko av Sufjan Stevens … Og Bon Iver. Kva som helst av dei!

Chris Martin er draume-duettpartnaren til SKAAR, han er vokalist i Coldplay, som også er favoritt bandet hennar. | Foto: Matt Sayles/Invision/AP