Ei av dei er 11 år gamle Emma. Vanlegvis er ho keeper for Driv IL, men no får ho behandling for blodkreft.
Emma drøymer om å spele fotball for Noreg ein dag. Ho fekk møte spelarane på landslaget då Norges Fotballforbund og Barnekreftforeningen arrangerte draumedag for ho.
– For mange barn og unge med kreft er fråværet av normalitet veldig vondt. Dei saknar å gå på skulen og møte vennane sine på trening. Fotballen er ein viktig sosial arena for tusenvis av barn og unge, seier generalsekretær for Barnekreftforeningen Trine Nicolaysen i ei pressemelding.

Emma fekk gå ut på grasmatta på Ullevaal stadion saman med kaptein Guro Reiten. Foto: Barnekreftforeningen