... og som syttenåring vurderte debutanten å tatovere forfattaren av the Catcher in the Rye på kroppen. Møt litteraturnerden Mari Johanne Nilsen.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg er glad i tekstar der lesarar får plass til å tenke og fortolke sjølv, skriv Mari Johanne Nilsen i ein e-post til Framtida.

I år debuterte ho med boka Ordene, eller Ewa Lisas forsøk på å skrive en selvbiografi hjå Tiden Norsk forlag. Sjølv er ho glad i å lese alt frå noveller og romanar til dramatikk, sjølv om ikkje alle når heilt opp.

Mari Johanne Nilsen

Alder: 31

Frå: Romsås, Oslo

Utdanning: Skrivekunstakademiet og master i allmenn litteraturvitskap

Yrke: Litteraturformidlar

 

– Det finst ein del bøker no som er sånn: «Du er stygg, sa eg, for å såre henne. Ho reiste seg fordi ho følte seg avvist og såg på meg med bitterheit i auga. Eigentleg ville vi jo ikkje såre kvarandre, men det gjorde vi». Sånne tekstar, som ikkje er opne, dei legg eg bort! Det meste anna les eg med nysgjerrigheit og interesse!

Lesestativ og litteraturformidling

Litteraturformidlaren frå Romsås har ikkje fullstendig oversikt over kor mykje ho les.

– Eg tel ikkje, men det er jo jobben min. Eg har mellom fire og seks litterære opplesingar i månaden. Så det blir ein del tekstar.

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– At teksten har ei tydeleg eiga stemme. Eit eige blikk, eller personlegdom på ein måte. Og at han ikkje er sånn som eg parodierte i stad, då.

Nilsen har ikkje eit nattbord der ho legg frå seg bøker før ho skal sove, men eit lesestativ som står på ein gul fotskammel ved sida av senga. Der er det ikkje berre romanar eller noveller.

– Akkurat no står det ein doktorgrad der som heiter «Kvalitet i praksis. En sammenliknende studie av profesjonelle leseres situerte diskusjoner av litterær kvalitet» av Knut Oterholm.

Litteraturtatovering og russisk forfattar i lommeboka

Då ho var liten var det høgtlesing frå fleire klassikarar av mamma og pappa. Blant dei Ringenes Herre, Harry Potter, Astrid Lindgren og Anne-Cath Vestly.

– Dei las utruleg mykje høgt for meg fordi eg sleit med å lese sjølv.

I tenåra var det The Catcher in the Rye som gjorde inntrykk.

– Eg ville gjerne ta ei tatovering der det stod «Holden Caulfield» rundt ankelen i lykkjeskrift. Glad eg ikkje gjorde det!

Om boka er like god no som då ho var 17 år er usikkert, men ho hugsar også at Dostojevskijs Forbrytelse og straff og Idioten fenga skikkeleg.

– Eg hadde eit bilete av Dostojevskij i lommeboka mi!

Stillelesing og favorittar

Ei stor utfordring som litteraturformidlar er å finne ein stille og god plass å lese.

– Eg les eigentleg nesten berre på stader som er lite eigna for lesing. Mitt høgste ynskje i løpet av ein dag er som regel at folk skal vere stille.

– Kva bok skulle du ynskje at du hadde skrive?

– Autistene av Stig Larsson.

– Kva forfattar meiner du er undervurdert?

– Rolf Jacobsen, kanskje? Ikkje undervurdert, men tynga og trekt ned gjennom norskundervisning i skulen kanskje? Det burde vere fleire av hans dikt på Instagram!

Thomas Bernhard for all tid

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest att i?

– Oi. Mange. Eg kjente meg godt att i stemmene i stykket I vårt sted av Arne Lygre som eg las for ikkje så lenge sidan.

Det er eit teaterstykke som handlar om ulike roller i venskap, og Nilsen har tenkt at ho «er» alle dei forskjellige rollene i forskjellige relasjonar.

Austerrikske Thomas Bernhard skreiv både romanar, teaterstykke og noveller.

– Eg kjenner meg også ofte att i det fiendtlege i Thomas Bernhards Karakterar.

Thomas Bernhard er også svaret Nilsen gir når ho får spørsmål om kva forfattar ho skulle lese dersom ho berre kunne lese litteratur frå éin forfattar resten av livet.

Litteratur gir tilgang til andre menneske

– Kven ser du for deg i hovudrolla om boka di skulle bli filmatisert?

– Ulrikke Falch hadde kanskje vore ei bra Ewa Lisa!

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Eg er ikkje så glad i å møte folk i verkelegheita. Eg blir nervøs. Og så byrjar eg å tenke på kleda eg har på meg, og så byrjar eg å sette håret mitt opp i strikk og så ta strikken ut att, men så med ein gong sette håret opp att i strikken, og så byrjar eg å tenke på at det ser rart ut å ikkje la håret sitt ligge der som vanleg hår, og så byrjar eg å tenke på at det eg akkurat sa var litt dumt, og seinare tenker eg at eg burde sagt noko anna. Noko av det eg set pris på ved litteraturen er at ein kan få tilgang til andre menneske sine tankar og forteljingar utan å måtte møte dei. Men eg er jo heldig som er saman med eit anna skrivande menneske. Og Espen et eg jo veldig gjerne middag saman med. Med den føresetnad at han lagar maten. Eg har ingen huslege evne.