Girl in Red med rekord på Spotify

Marie Ulven Ringheim er den første norske kvinnelege artisten som har ein milliard avspelingar på Spotify for ein låt.

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka vart fyrst publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.

Marie Ulven Ringheim er kjent under artistnamnet Girl in Red. Det er songen hennar «We Fell in Love in October» frå 2018 som no har fått over ein milliard avspelingar, skriv VG.

– Det er veldig gøy at den songen – som eg har skrive, produsert, miksa og mastra heilt sjølv – har resonnert så mykje, seier Marie Ulven Ringheim til VG.

VG skriv at for tida blir låta spelt nesten 800 000 gonger dagleg. Låta blir oftast spelt i USA, Indonesia og Brasil.