En velskapt pike er ein tilnærma perfekt komponert roman. 

Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 29.04.2024 10:04

Forteljaren i En velskapt pike har nett vore gjennom eit særs vanskeleg brot. No går alt skeis. Både den psykiske og fysiske helsa er skral, og ho har ikkje jobb eller sikker inntekt. Kretsen av vener og familie verkar å vera liten og veik.

Bakteppet er at forteljaren vår i mange år har bore på ein stor løyndom: Ho er lesbisk.

En velskapt pike

Forfattar: Pia Edvardsen

Målform: Bokmål

Forlag: Aschehoug

Utgjeve: April 2024

Sjanger: Roman

Sider: 174

Til no har heile livet hennar handla om å skjula legninga si frå omverda – ikkje minst den mannlege kjærasten gjennom nesten tolv år.

Dette er utgangspunktet for Pia Edvardsen sin andre roman. Og resultatet er absolutt vellukka. Det er lenge sidan eg har lese ei så stilsikker bok på norsk.

Vanskeleg å leggja frå seg

En velskapt pike er uvanleg godt komponert roman. På under to hundre sider har forfattaren klart å fortelja mykje.

I kjappe vendingar blir ei eksistensielle krise fletta saman med ei dramatisk ytre handling. Språket flyt bra, og det er rett og slett vanskeleg å leggja boka frå seg.

Frå start til slutt er boka alltid interessant. Særleg er portrettet av hovudpersonen imponerande. Det er så bra skrive at ein intuitivt klarar å setja seg inn i hovudet på ho – sjølv om dei færraste av oss har opplevd noko liknande.

Augeopnande

Ifylgje forlaget er dette «en dypt personlig roman, basert på egne erfaringer med konverteringsterapi». Likevel så kjennest ikkje dette påtrengjande.

Moralske peikefingrar og overtydelege politiske bodskap er boka heldigvis fri frå. Ho er heller augeopnande og gjev eit innblikk i problematikken som avisoverskriftene ikkje kan.

I dette dømet er ikkje leflinga med konvertingsterapi – altså å forsøkja å endra seksuell legning – eit resultat av eit ytre press eller konservativ religion. Ynsket om å bli hetero er inderleg og noko hovudpersonen vår må kjempa for å få lov til å forfylgja (sjølv om det kanskje ikkje er særleg lurt).

Me skal sjølvsagt ikkje byggja politikk på anekdotisk kunnskap – og i alle fall ikkje fiksjon. Men litteratur kan gjera oss smartare.

Denne romanen har styrkja evna mi til å tenkja kritisk og fordomsfritt.

Kan lesast i eit jafs

Som roman er En velskapt pike tilnærma perfekt. Estetisk sett er boka ypparleg. Dessutan er tematikken særs interessant, og forteljinga går aldri på tomgang. Forfattaren sin trong til å skriva skin frå boksidene.

Dette er så bra at ein godt kan lesa heile boka i eit jafs.