Olfas døtre – personleg og unikt om familie og radikalisering

I dokumentaråret 2024 bør du prioritere å få sett tunisiske Kaouther Ben Hania si eigenarta skildring av ein familie splitta av ekstremisme.

Jenny Lund
Publisert

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Olfa har fire døtrer – Ghofrane, Rahma, Eya og Tayssir.

Berre Eya og Tayssir bur framleis med henne. Ghofrane og Rahma, dei to eldste, mista ho til radikalisering. Korleis kunne det hende?

Olfas døtre

  • Nasjonalitet/språk: Tunisia, Saudi-Arabia, Kypros, Frankrike, Tyskland, arabisk, fransk, engelsk
  • Regi: Kaouther Ben Hania
  • Noregspremiere: 26.04.2024
  • Aldersgrense: 12 år
  • Sjanger: Dokumentar
  • Speletid: 1t 47m

Hybriddokumentar

I Olfas døtre fortel Olfa, Eya og Tayssir om systrene som forsvann. Det skjer gjennom ei blanding av intervju og rekonstruksjonar av minna deira, der dei spelar seg sjølv. For å spele Ghofrane og Rahma vert to skodespelarar hyra inn, og i dei scenane som vert for tunge for ho sjølv å spele i, tek ein anna skodespelar også over rolla som Olfa.

Kaouther Ben Hania, som har regissert filmen, er blant dei fremste tunisiske regissørane som jobbar i dag, og det er ein posisjon ho viser seg verdig til å halde på her. Olfas døtre er nemleg ei oppslukande sjåaroppleving.

Det har mykje å gjere med den interessante måten han er bygd opp på.

Mellom fortida og no

Det som er mest slåande med Olfas døtre, er at rekonstruksjonane er noko meir enn bilete som skal illustrere noko som allereie har hendt. Store delar av rekonstruksjonane handlar om prosessen med å spela dei inn. Det som finn stad på settet, vert ofte like viktig som hendingane dei spelar inn. Olfa og døtrene hennar er ikkje redde for å rette på det som ikkje vert heilt riktig, komme med kommentarar, eller opne opp om korleis det kjennest ut å gjenskapa desse hendingane frå liva deira. Også skodespelarane er seg sjølv like ofte som dei spelar rollene sine. Refleksjonane deira saman med Olfa, Eya og Tayssir, legg grunnlaget for nokon av dei mest tankevekkande samtalene i filmen.

Resultatet er ein spontanitet som gir eit mykje klarare bilete av desse menneska enn det nokon rekonstruksjon kunne gjort. Det vert tilført ein autentisitet som dei fleste dokumentarar berre kan drøyma om. Eit augeblikk er det vitsar og latter, og det neste kjem tårene. Det er sårt å sjå, men på ein måte også fint. Sorg er vondt, men det å kunne sørge er mykje betre enn alternativet. Å få sjå det på film, så usminka, er noko eg set pris på.

For meg ligg nokon av dei sterkaste augeblikka der fortid og samtid kjem saman, når kameraet tillèt Olfa, Eya og Tayssir å seie det dei ikkje har kunna fortalt kvarandre aleine. Det er eit trøblete familieportrett ein vert vitne til: Kjærleiken mellom mor og døtrer er stor, men Olfa har sine eigne utfordringar og har langt ifrå alltid vore den forelderen ho burde ha vore.

Filmen vert dermed båe forteljinga om døtrene som forsvann og om det å leve vidare, trass i den veldige sorga som vert sittande igjen.

 

Det finst ingen klare svar i Olfas døtre, inga enkelt fordøyeleg forklaring på korleis og kvifor nokon vert radikalisert, og det er godt mogleg at ei slik forklaring ikkje finst. Til gjengjeld er filmen ei djupt personleg og nyansert skildring av liv levd i krysselden mellom generasjonelle traume, vanskelege relasjonar og eit patriarkalsk samfunn.

Eg gjekk inn i kinosalen med kjennskap til kva som hende med dei to eldste døtrene, og sjølv om det på ingen måte skada filmen, tenkjer eg at opplevinga kanskje vil treffe enda hardare om ein ikkje veit så mykje på førehand.

Uansett er ein ting sikkert: Olfas døtre er ein film til ettertanke, sett saman på ein måte eg ikkje har noko eg kan samanlikne han direkte med. Fengslande, opprørande og overraskande morosam, er dette ein dokumentar verd å setje av tid til – også i eit år der det ser ut til å vere mange av dei.