Mannsutvalet vil gjere likestillingslova kjønnsnøytral

Større merksemd om likestillingsutfordringane for gutar og menn vil styrke likestillingspolitikken, slår mannsutvalet fast i utgreiinga si.

NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug
Publisert

Blant forslaga frå utvalet er å innføre individuelle rettar til foreldrepengar, innføre fleksibel skulestart, setje ned eit mannshelseutval og gjere helsetenester meir tilgjengelege for gutar og menn. Til saman skisserer utvalet 35 tiltak i rapporten.

Gjennom individuelle rettar til feriepengar og todeling av foreldrepengar vil ein erstatte dagens ordning med tredeling, der ein del av permisjonen er «felles», og der betalt pappaperm er avhengig av at mor går ut i ein godkjend aktivitet.

– Delar av fars rettar er framleis avhengig av mors aktivitet. Menn har i praksis ikkje dei same moglegheitene til å ta ut permisjon som kvinner, skriv utvalet i rapporten.

Det er også foreslått å gi rett til to veker betalt fødselspermisjon for far eller medmor.

Utvalget foreslår å

  1. Endre foreldrepengeordninga og rettar i samband med fødsel
  2. Styrke nybakte fedrar og medmødrers rolle og rettar
  3. Etablere trepartssamarbeid for betre arbeidsfamilie-balanse i mannsdominerte bransjar
  4. Utvide meklingsplikta ved samlivsbrot og foreldrekonfliktar til seks timar før det kan bli reist sak for domstolane
  5. Styrke domstolane si moglegheit til å idømme delt bustad
  6. Leggje kompetansen til å flytte barnet innanlands til foreldreansvaret
  7. Innføre økonomiske ordningar som fremjar likestilling
  8. Greie ut lovfesta rett til ulønt permisjon for omsorgsarbeid for personar utanfor den nærmaste familien
  9. Greie ut rettsleg rammeverk for barn i familiar med fleire enn to omsorgspersonar
  10. Innføre leikbasert læring i barnehagen
  11. Innføre fleksibel skulestart
  12. Innføre meir praktisk og variert skulekvardag
  13. Styrke alternative opplæringsløp i vidaregåande opplæring
  14. Sikre rett til læreplass
  15. Endre poengrekninga på vitnemålet frå grunnskulen og vidaregåande opplæring
  16. Gjennomføre ei nasjonal satsing for at fleire unge skal velje og gjennomføre kjønnsutradisjonelle utdanningsprogram på yrkesfag
  17. Gjennomføre ei nasjonal satsing for at fleire menn skal velje og gjennomføre helse-, omsorgs, sosial- og pedagogiske fag i høgare utdanning
  18. Endre opptaksreglar til høgare utdanning
  19. Auka innsats for psykososialt arbeidsmiljø, og mot trakassering og seksuell trakassering i arbeidslivet
  20. Setje ned eit mannshelseutval
  21. Greie ut eit nasjonalt screeningprogram for prostatakreft
  22. Gjere helsetenester meir tilgjengelege for gutar og menn
  23. Gjennomføre ei satsing på seksuell helse
  24. Auke helsepersonells kunnskap om menns helseutfordringar for å utnytte potensialet ved konsultasjon betre
  25. Styrke innsatsen for å hindre sjølvmord
  26. Styrke tilboda i psykisk helsevern, rusbehandling og fengsel
  27. Etablere fleire møteplassar for gutar og menn
  28. Motverke sosiale forskjellar i barn og unges fritidsaktivitetar
  29. Etablere eit fritidsklubbtilbod i alle kommunar
  30. Gi betre hjelp til offer for ikkje-familiær vald
  31. Styrke hjelpetilbodet til personar som utøver vald i nære relasjonar
  32. Innføre kjønnsnøytral formålsavgjerd i likestillings- og diskrimineringslova
  33. Innføre meir effektive verkemiddel i likestillingspolitikken
  34. Revidere statistikksider og indikatorar for kjønnslikestilling
  35. Skaffe meir forsking og kunnskap om menns likestillingsutfordringar

 

Vil likestille likestillingspolitikken

Utvalet siterer ei rekke forstummande statistikkar om menns utfordringar i det norske samfunnet: I 2015–2019 var 97 prosent av alle som døydde i arbeidsulykker, menn. Nær halvparten av dei spurde mennene oppgav i 2022 at dei hadde vorte utsette for alvorleg fysisk vald i vaksen alder. Menn utgjer 93,5 prosent av innsette i norske fengsel. Meir enn to tredelar av dei som valde å ta sitt eige liv i 2022, var menn.

Som svar på dette foreslår altså mannsutvalet å gjere likestillingspolitikken meir likestilt.

– Mannsutvalet meiner det neste likestillingssteget bør vere å inkludere utfordringane for gutar og menn i større grad enn i dag, skriv dei i utgreiinga.

Til sjølve likestillingslova foreslår dei å leggje til ein «kjønnsnøytral formålsbestemmelse», der denne paragrafen i dag slår fast at lova har som formål å betre stillinga for kvinner og minoritetar. Dei ønskjer også meir forsking på ei rekke område, mellom anna på menns rolle i familien, kjønns- og klasseforskjellar innan barnløyse, og menns helse.

– Har ein eigenverdi

Det er samfunnsmessige gevinstar av å auke likestillinga for gutar og menn, meiner utvalet. Dei viser til eit overslag om at dei samfunnsøkonomiske kostnadene av utanforskap utgjer 73 milliardar kroner i året.

– Utover den økonomiske gevinsten ved å forhindre utanforskap, vil mannsutvalet understreke at likestilling har ein eigenverdi. Eit meir likestilt samfunn, der også likestillingsutfordringane for gutar og menn blir omfatta av likestillingspolitikken, vil vere eit meir rettferdig samfunn, skriv dei.

For å jamne ut kjønnsforskjellane i skule og utdanning vil ein mellom anna innføre meir leikbasert læring i barnehagen, fleksibel skulestart i staden for dagens faste seks år, og meir praktisk undervisning. I tillegg ønskjer dei rett til læreplass.

På helseområdet vil utvalet ha eit eige mannshelseutval og greie ut om eit nasjonalt screeningprogram for prostatakreft. Vidare vil dei ha fleire tiltak for å senke terskelen for at menn skal oppsøkje helsetenester.

Breitt samansett

Utvalet har vore leidd av Claus Moxnes Jervell frå Fellesforbundet, og blant dei 17 medlemmene finst ei rekke kjende namn: tidlegare sametingspresident Aili Keskitalo, samfunnsdebattant Sylo Taraku og lege Wasim Zahid, konsernsjef Camilla Stoltenberg i NORCE, musikar Aasmund Nordstoga og fotballprofilane Ola By Rise og Brede Hangeland.

Arne Børke frå Mannsforum og dagleg leiar Are Saastad ved Reform – Ressurssenter for menn er også med.

Det var dåverande kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) som sette ned utvalet i august 2022. Då hadde det gått 31 år sidan det såkalla mannsrolleutvalet ved Jens Stoltenberg la fram sluttrapporten sin. Onsdag fekk etterfølgjaren til Trettebergstuen, Lubna Jaffery (Ap), rapporten.