Kaldheim tar føre seg fleire store og polariserande tema og har ein tydeleg moral for kva som er rett og gale.

Heidi Berakvam
Publisert
Oppdatert 29.04.2024 10:04

I Noreg har vitsestripene i avisene og Donald Duck-blad dominert teikneserielandskapet, men i seinare tid har ei ny bølgje tatt unge lesarar med storm.

Det er spanande, fantasifulle forteljingar som tar lesaren på alvor. Som ung oppdaga Helen Kaldheim manga på biblioteket i Odda. Den japanske teikneseriekulturen har inspirert ho og fleire andre teikneserieskaparar i Noreg.

Mørkalven 3: Kontroll

Forfattar og illustratør: Helen Kaldheim

Sjanger: Norsk manga

Målform: Bokmål

Lanseringsdato: 15. april 2024

Forlag: Egmont Kids Media Nordic AS

Sider: 170

Karakterane har store auge, kjensleuttrykket er sterkt overdrive og historia blir ofte driven fram av eit oppdrag.

Tredje bok om mørkalven Caim

Nye venskap, fiendar og søken etter tilhøyrsle er det som møter oss i tredje bok om mørkalven Caim, Kontroll. Denne gongen har han og venninna Mariie komme til Hjerternasjonen der ikkje alt er som det skal vera. Det er tydeleg at mykje står på spel når fleire og fleire døyr på mystisk vis. Kaldheims fantastiske teiknestil gjer det heile til ein stor fornøyelse.

Caim er den siste attlevande mørkalven i verda og no er han på leit etter den hemmelege Jokernasjonen, der det blir sagt at dei ulike rasane lever saman i harmoni. I Hjerternasjonen møter dei ein gamal kjenning, Bliss. Bliss har ønske om å bli lege, men ein ny religion har tatt over og gjort nokre veldig konservative regelendringar. På jenteskulen skal dei ta fag som gjer dei til gode koner og husmødrer og Bliss vil ikkje få utdanninga ho treng for å nå målet sitt.

Det er òg gnissingar mellom Keith, som er transmann, men må gå på jenteskulen, og ekskjærasten som kallar han ved namnet han hadde før han blei gut.

Tydeleg moral

Kaldheim tar føre seg fleire store og polariserande tema og har ein tydeleg moral for kva som er rett og gale. Men det kan fort bli vel einsidig. Dei andre jentene på skulen er einfaldige og stereotypiske og verkar nøgde med endringane på skulen. Heldigvis får me vita meir om den nemnde ekskjærasten som i alle fall gir litt meir dimensjon til ei av desse jentene.

Mykje i forteljinga er henta frå vår eiga verd, ofte med ein vri. Caim får smaka på bobaøl, som eg ikkje kan tenka meg er så godt som han skal ha det til. Desse innskota er stort sett morosame og til tider kan det vera tankevekkande, men den store mengda av dei gjer at lesaren blir dratt ut av forteljinga. Særleg når engelske ord og uttrykk, som «sus» og «obsesser» blir brukt i dialogen.

Den nye, kjekke bibliotekaren er ein stor snakkis blant jentene på skulen. Bliss skulle få tilgang til det ulovlege arkivet i kjellaren på biblioteket av forgjengaren, men får avslag då ho prøver å få nøklane av nykommaren. Han fortel at bøkene der nede skal brennast. Her er det altså verkeleg vondskap til verks og Bliss må legga ein plan for å redda bøkene.

 

Munter tvist på tunge tema

Teikningane er Kaldheim si sterkaste side. Stilen er fargerik, rein og kreativ. Karakterane er ikkje glade, dei er ekstatiske og heller er ikkje sinte, men rasande. Det er lett å la seg riva med av desse kjenslene og bli fjetra av sjarmen deira.

I klassisk manga-stil er det òg rom for humor, som gir ein munter tvist på elles tunge tema.

Caim og Mariie får i Kontroll ikkje berre ein ny fiende, guden Ess, å bryna seg på, men òg ein ny ven. Og eg gler meg til å følgja reisa vidare på leit etter Jokernasjonen.