Vekas viktigaste: Hetebølgje, ny jordbruksmodell og eskalering i Midtausten
Kollasj av Framtida. | Foto: Lise Åserud / NTB, AP Photo / Mark Baker, UN Photo / Evan Schneider
Les om nokre av dei viktigaste tinga som har skjedd den siste veka.
Åshild Slåen
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Israel gjengjelde åtak frå Iran
Natt til sundag 14. april gjekk Iran til åtak mot Israel med rakettar og dronar. Ifølgje det israelske forsvaret dreia det seg om over 300 rakettar og dronar, men 99 prosent av dei vart skotne ned av Israel før dei kunne treffe landet. Ingen døydde i åtaket, men fleire vart skadde, blant anna ei jente på 7 år.
I eit møte i Tryggingsrådet i FN sa Iran at åtaket kom som ein respons på Israel sitt åtak mot det iranske konsulatet i Syria i starten av april, der sju medlemar av den iranske revolusjonsgarden vart drepne. Den iranske FN-utsendinga seier at dei ikkje ønsker å eskalere til krig, men at dei vil forsvare seg.
USA sin president, Joe Biden, skal ha uttrykt at dei ikkje ønskjer fleire åtak. Statsminister Benjamin Netanyahu har sagt at Israel sjølv kjem til å bestemme kva dei gjer vidare. UD har bede nordmenn om å forlate Iran.
Natt til fredag 19. april gjekk Israel til åtak på Iran. Fleire missil har treft mål i landet, men omfanget er framleis uklart.
Israel skal ha varsla USA om eit komande åtak, men USA skal ikkje ha delteke i operasjonen. Iran har meldt frå om tre eksplosjonar i natt og tre dronar som har blitt skotne ned. Atomanlegg skal ikkje vere skadd.
Frå 17. april, då Tryggingsrådet i FN hadde møte om situasjonen i Midtausten. Her med Gilad Erdan, Israels representant til FN. | Foto: UN Photo/Evan Schneider
Mali og Burkina Faso, i den sørlege delen av regionen, er dei som har vore mest påverka. Ved Gabriel Toure-sjukehuset i den maliske hovudstaden registrerte dei 102 dødsfall på grunn av varmen. Over halvparten av dei døde var over 60 år.
Regionen blir ikkje ramma av slike hetebølgjer ofte, men forskarar ventar at det kjem til å bli vanlegare på grunn av klimaendringar. Samstundes er denne hetebølgja truleg blitt verre på grunn av vêrfenomenet El Niño, som gjorde at det vart ei oppsamling av varmvatn i Stillehavet, og førte til mindre regn i Vest-Afrika i vinterhalvåret.
Verda blir varmare, sjølv når vêrfenomenet El Niño gir seg. | Foto: Rajiv Bajaj via Unsplash
Eit punkt som blir diskutert, er kva slags definisjon på samtykke lova skal bruke.
– Vi må få på plass ei skikkeleg samtykkelov. Det må vere ei ja-er-ja-samtykkelov og ikkje ei nei-er-nei-samtykkelov, sa Fride Fiskegård, leiar i Amnesty i Ålesund, til NRK.
Ho og fleire andre meiner det noverande forslaget ikkje er bra nok, sidan det berre vil bli rekna som valdtekt dersom ein person seier nei, ikkje dersom det er eit fråvær av ja.
Foreininga Sex og Politikk saman med ungdomsorganisasjonen SNU og Elevorganisasjonen demonstrerer framfor Stortinget for ei samtykkelov og eit løft i seksualitetsundervisninga i skulane. | Foto: Lise Åserud / NTB
Eit hovudpunkt har vore kor mange timar som blir rekna som eit arbeidsår. Det originale forslaget oppgav det som 1845 timar. Regjeringa har gått med på å senke det til 1750. Bøndene ønsker at det skal vere 1700 timar, som er det same som eit vanleg lønnstakar-år.
Endringa i timetal gjer at Høgre ikkje lenger er for forslaget, men SV, Raudt og MDG støttar endringa. Dei er derimot ikkje einige i andre punkt som regjeringa la fram.
I det endelege vedtekne forslaget er det difor timerekninga som er den største endringa frå tidlegare ordningar.
Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) saman med styreleiar i Tine, Marit Haugen, under ei markering med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag utanfor Stortinget torsdag i forkant av høyringa i Stortingets næringskomité. Komitéen diskuterte strategien for korleis Noreg kan auke sjølvforsyninga av jordbruksprodukt og ein plan for opptrapping av bonden si moglegheit til inntekt. | Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Til saman vart fire personar skadde, inkludert biskopen som vart knivstukken. Politiet etterforskar åtaket som terror.
Åtaket kjem berre to dagar etter at seks personar vart drepne og tolv personar vart skadde ved knivstikkinga på eit kjøpesenter i Sidney, laurdag 13. april. Mannen som gjekk til åtak på kjøpesenteret vart skoten og drepen av politiet på staden.
Dei to åtaka er ikkje kopla til kvarandre, og åtaket på kjøpesenteret blir ikkje etterforska som terror, sidan åtaket truleg ikkje var ideologisk eller religiøst motivert, seier politiet.
15. april var ein eigen sørgedag for knivstikkinga som skjedde på kjøpesenteret i Sydney, og operahuset vart opplyst med ei svart sløyfe for å markere dagen. Seinare same dag var det endå ei knivstikking i ei kyrkje i Sydney. | Foto: AP Photo/Mark Baker
✨Lyspunkt✨: EU-land fekk meir energi frå vind enn gass i 2023
Nesten 30 prosent av elektrisiteten brukt i EU i 2023 kom frå vind- eller solenergi.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.