Fuckings bygda – solid norsk indie som underhaldar og rører

Det er ikkje noko heim kjære heim når ei ung kvinne må vende tilbake til bygda ho vaks opp i for å gravleggje sin avdøde far – for andre gong. Fuckings bygda vann Oslo Pix sin publikumspris i fjor, og det er velfortent.

Jenny Lund
Publisert

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Av og til får eg ei skikkeleg positiv overrasking på kino, og i fjor var Fuckings bygda ein av dei. Ein film eg ikkje hadde høyrd om får eg såg han i Oslo Pix sitt festivalprogram i fjor, og sidan blei verkeleg glad i.

Regissør Frøydis Fossli Moe har tidlegare utmerka seg som kortfilmregissør, men dette er hennar første spelefilm. Ei utfordring ho og teamet hennar tok på strak arm, sjølv utan statlege støttemidlar.

 

Fuckings bygda

Nasjonalitet/språk: Noreg, norsk

Regi: Frøydis Fossli Moe

Noregspremiere: 19. april 2024

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Drama

Speletid: 1 time og 13 minutt

Fuckings bygda treng ikkje lang tid på å slengje sjåaren midt inni den ubehagelege kjernen: Ei ung kvinne, høg som ei skorsteinspipe, kjem for seint til ei gravferd og får nesten beinveges latterkrampe. Ho er vår hovudperson, Mariam, og mannen i kista er far hennar.

Det er i alle fall det dei trudde.

Få år seinare har Mariam slått seg ned i Oslo, der ho tar del i ein fart- og festfylt livsstil. Det er derfor ikkje ei spesielt hyggeleg overrasking å få beskjed om at gravferdsbyrået med eit uhell bytta om oska, og at dei har grave ned feil mann. Noko motvillig reiser ho til heimbygda, Vinstra i Gudbrandsdalen, for å hjelpe systera Katrine med gravferd nummer to.

Dette er ein liten film, og eg meiner det så positivt som det går an. Handlinga er fokusert og karaktergalleriet er lite, noko som let manuset skine. Samtalane er naturlege, og karakterane er uperfekte på dei måtane 20-åringar ofte er: Teknisk sett vaksne, men ikkje heilt ferdige med å vere ungdommar heller.

Ein får verkeleg kjensla av at kvar av dei ein møter på er heile personar med sine eigne liv også utanfor filmen sitt handlingsrom, ei imponerande bragd av manusforfattarane.

Ei av Fuckings bygda sine desidert sterkaste sider er hovudpersonen, Mariam, og korleis filmen si verd vert filtrert gjennom ho. Sjølv om ho nokon gonger er direkte utriveleg mot folka rundt seg, ikkje minst systera, vert ho aldri direkte usympatisk. Det er alltid tydeleg at det ligg noko under overflata, og at det ho seier ikkje nødvendigvis får fram korleis det eigentleg går. Skodespelar Mina Dale får liv i Mariam med båe sjarm og sutring, men også eit forfriskande sinne.

Som tilflyttar til Oslo, kjente eg meg spesielt treft. Eg er sjølv frå bygda. Ikkje ein naturskjønn plass som ligg langt frå byen, slik som Vinstra, men lite nok til at ingen utanfor dei nærmaste kommunane har peiling på kor det ligg. Den type plass som ein kan komme med to-tre fakta om som andre kan late som dei bryr seg om: For eksempel er heimkommunen min den største produsenten av persille i Noreg. Er ikkje det spanande?

Poenget er at eg kan, i noko grad, kjenne meg igjen i den frustrasjonen som Mariam kjenner på, og korleis det hatet ho har for bygda kanskje ikkje er så enkelt som det kan sjå ut som.

Fuckings bygda opptrer aldri betrevitande ovanfor karakterane sine, men let forholda mellom dei spele seg ut med ein usminka realisme, morosam, teit og hjarteskjerande om kvarandre.

Dette er ikkje ei forteljing om korleis heimbygda alltid er best og at folka der er mykje betre. Det er ikkje poenget.

Problemet er ikkje at Mariam likar seg betre på fest i Oslo, men kva for kjensler ho kamuflerer med denne livsstilen. Det er ei forteljing om måten ein handterer, eller unngår å handtere, sorg og sakn og korleis det påverkar ein, men også om å slå seg til ro med fortida.

Det vert innimellom nokon litt for langdryge scener, og på eit tidspunkt forsvinn ein av karakterane heilt frå forteljinga på eit vis eg ikkje syntest fungerte heilt, men det er småpirk. I det store og heile er dette ei svært solid oppvekstforteljing som er båe velskrive og vakkert filma, med eit spenstig lydspor på toppen.

Å få sjå uavhengige filmar på kino er aldri ei sjølvfølge, men når ein får sjansen, er han verd å ta – spesielt med ein film av dette kaliberet. Om denne filmen er ein indikator på talenta deira, gler eg meg verkeleg til å sjå kva teamet båe framfor og bak kameraet på Fuckings bygda gjer i framtida.

Terningkast: 5