Britiske konservative skrytte av landet sitt med amerikanske jagarfly

Posten vart raskt fjerna etter kritikk.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Det konservative partiet i Storbritannia måtte denne veka sletta ein skrytepost på det sosiale mediet X (tidlegare Twitter), melder britiske The Guardian.

I biletposten står det at «Storbritannia er det nest mektigaste landet i verda».

Kampfly og kongen

Posten har teksta: «Ikkje la dommedagsprofetane og nei-seiarane lura deg til å snakka ned landet vårt. Storbritannia er like sterkt som før».

I kollasjen har Det konservative partiet brukt bilete av ein kanadisk-eigd Aston Martin, eit amerikansk F-35-jagarfly og eit Eurofighter Typhoon, som vart laga i eit europeisk samarbeid medan Storbritannia framleis var ein del av EU.

Grunnen til at innlegget vart teke ned før helga er likevel mest truleg at partiet har inkludert eit bilete av kong Charles III. Det er nemleg sedvane at britiske parti skal unngå å dra kongefamilien inn i politiske debattar på denne måten.

Partiet har òg teke med det britiske herrelandslaget i fotball fotografert før ein prøvekamp mot Brasil, som dei tapte 1–0 og vart nest best.

Dystre London

The Guardian har ikkje fått svar frå partiet på kvifor dei sletta X-posten, men dette er andre gong på kort tid at partiet får motbør for sine kampanjar på X.

2. mai er det lokalval i England og Wales og i den samanhengen la det konservative partiet ut ein video på X der dei hevdar at London har blitt verdas krimhovudstad under leiing av partiet Labour.

Posten på X er korrigert med statistikk om at London er rangert som verdas 14. tryggaste by.