Princess Peach: Showtime! kan fungere som ein introduksjon til spelverda for folk som ikkje spelar til vanleg, skriv meldar Anette Fadnes Marcussen.

Anette Fadnes Marcussen
Publisert

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Eg må innrømme at eg likar enkle spel. Spel der du skjønar kva du skal gjere med ein gong, spel utan tenking og gåter, og kanskje til og med spel for eit yngre publikum. Dette er Princess Peach: Showtime!

Noko som slo meg med ein gong var at: «wow, dette er verkeleg eit jentespel». Du veit, eit spel med masse rosa i og med klede og søte jente-sidekicks. Det minte litt om ein Barbie-film på ein måte. Samtidig var det ikkje som å sette seg ned med MovieStarPlanet eller goSupermodel. Den delen av spelet er berre ein gøyal bonus.

Ulike roller

Poenget med Showtime er å vere skodespelar i forskjellige skodespel. Teateret har blitt tatt over av ein skurk, og du må gå inn på forskjellige scenar for å redde skodespelarane og vinne over skurkane.

Kvart nummer har eit nytt stilig kostyme med unike krefter. Du får Swordfighter Peach, Cowgirl Peach, Detective Peach, og mykje, mykje meir.

Cut-scene som låser opp Ninja Peach.
Cut-scene som låser opp Figure Skater Peach. | Illustrasjon: Nintendo
Cut-scene som låser opp Patissiere Peach.

Eg tenkte automatisk at det kom til å bli mykje å lære seg med tanke på kontrollarane, men tvert i mot. Dette er ein av grunnane til at eg tenkjer dette er eit spel meint for eit litt yngre publikum: Det er veldig lett.

På rundt ein time hadde eg slått første store boss i spelet. Å kontrollere Peach er så enkelt som ein joystick og B-knappen. Men dette betyr på ingen måte at eg ikkje hadde det gøy! Princess Peach: Showtime! har utruleg mykje å by på visuelt, og du får eit drøss forskjellige oppgåver, alt ifrå å springe etter fiendar på hest til å pynte kaker og lage kjeks. Det verkar nesten som om Showtime kan fungere som ein introduksjon til spelverda. Eit spel som kan vere det første for folk som ikkje spelar til vanleg.

Feminine undertonar

Eg seier at dette verkar som eit spel med eit større kvinneleg publikum på grunn av at du spelar som Peach, og at eit spel sentrert rundt ei prinsesse naturlegvis har feminine undertonar. Å sjå Peach i nye klede og kostyme var noko eg som barn drøymde om, og sjølv i det første Princess Peach-spelet var det ingen kostyme. Eg sa at motedelen av spelet berre var ein gøyal bonus, men som ei jente som vaks opp med prinsessekjolar og masse rosa, elska eg denne delen av spelet. Å bli til Patissiere Peach og lage kaker i ein søt kjole vekte barnet i meg.

Grafikk: 6/6

Terningkast 6Showtime er eit spel der det alltid er noko å sjå på. Fine, sterke fargar overalt og som nemnt tidlegare, mange ulike og unike kostyme, med kreative design og eit feminint fokus. Verda rundt deg er aldri den same, og sjølv i rom du kjem tilbake til lurar eg alltid på om det er noko eg ikkje har sett eller noko eg har gått glipp av i farta på veg til eit skodespel.

Innhald: 6/6Terningkast 6

I dei klassiske Mario-spela som Super Mario Bros. og Super Mario 64 går det mykje i å hoppe på hovuda til Goombas og å kome til slutten av levelet og slå den store skurken. Eg elskar desse spela, så ikkje misforstå. I Princess Peach: Showtime! derimot, gjer du veldig mange andre ting enn dette. Ja, du slår ein del fiendar med sverd og tau eller kva det måtte vere, men du pyntar kaker, du lagar kjeks, du rir på hest og du gøymer deg under vatn. Du kan for så vidt seie mykje av dette om Super Mario 64 og … (for eit fantastisk spel!), men poenget mitt er at spelet endrar seg heile tida. Patissiere Peach-delen følast som eit spel om baking, og Ninja Peach-delen som Sekiro: Shadows Die Twice. Det er berre fantastisk kor mykje kreativitet og inspirasjon som er putta inn i eitt enkelt spel.

 

Historie: 4/6Terningkast 4

Historia er ganske typisk for eit Mario-spel. Hovudskurken, Grape, kunne ganske enkelt blitt erstatta med Bowser. Grape har på ein måte berre tatt over og øydelagt teateret og alle skodespela. Det som styrker historia her er alle dei enkelte små historiene som er inne i skodespela. Eg slit litt med å skrive noko av det beste her utan å måtte sette ei spoiler-åtvaring på, men lat meg berre seie at nokon av desse skodespela kan samanliknast med spelefilmar. Likevel blir eg nøydd til å gi historia 4/6 sidan den store delen av spelet følast litt copy-paste med Mario og Bowser.

 

 

Lyd og musikk: 4/6Terningkast 4

Eg skal vere ærleg, musikken er ikkje det eg hugsar best etter å ha spelt Showtime. Bakgrunnsmusikken i kvart skodespel er unik, men problemet her er at han aldri er i forgrunnen. Det som gjer mange scenar fantastiske og minneverdige er musikken. Ta Tears of the Kingdom som eksempel. Utan å spoile er den siste scena i det spelet tårevåt, og det er i store delar på grunn av musikken. Men Princess Peach: Showtime! og Tears of the Kingdom er heilt forskjellige spel, og kan på ingen måte samanliknast på den måten – det ville vore urettferdig mot Showtime. Det som gjer Showtime spesielt og underhaldande er ikkje musikken, heller alt det andre.

Lydeffektane derimot er veldig gøyale, sidan dei er så mange og så forskjellige frå kvarandre. Dette er på grunn av dei varierande spelestilane. Taulydar frå cowboy-delen, bakebollemiksing i patissiere-delen og lyden av ein bambusstokk som fell i ninja-delen bidrar mykje til mengda gøy ein har det. Lydeffektane veg derfor opp terningkastet på lyd og musikk til 4/6.

Pris: 600 kroner +/-

Prisen er den klassiske Nintendo-prisen på rundt 600 kroner. Om det er verdt det er opp til kjøparen, men denne gongen synest eg kanskje speletida er litt kort til å koste så mykje. Det tar meg ikkje opp i mot 120+ timar å fullføre, som det ofte gjer med Zelda-spel, der eg ser veldig godt kvifor det kostar 600 kroner. Utan å ha fullført spelet sjølv, ser eg ikkje for meg å bruke meir enn 10 timar, maks 20, viss eg spelar det heilt ferdig, får alle myntar og liknande. Som konklusjon, blir det litt i det dyraste laget denne gongen.

Det totale terningkastet denne gongen blir 6/6! Eg synest berre det veg sånn opp kor mykje forskjellig du kan gjere her. I tillegg har eg sakna eit enkelt spel med masse variasjon og fine klede som dette, og det at Peach er hovudperson er berre heilt fantastisk for meg. No vil eg berre ha eit Princess Daisy-spel, og så kan eg seie meg fornøgd.