Forfattarane sine boktips til påska

Veit du ikkje kva bok du skal stikke nasen i når påskevêret sviktar? Me har spurt forfattarane kva som er deira beste lesetips til påska.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Foto: Åshild Slåen

I fjor gav 24 år gamle Carina Edine ut boka Ingen lytter, og fortel at ho har blitt ein større lesar etter ho vart forfattar. Det tyder at ho har nokre klassiske norske forfattarar å ta att, inkluder Vigdis Hjort.

– Bøker eg tilrår: Vigdis Hjort, Er mor død og Leve posthornet!


Foto: Agnete Brun

Villdyr-forfattar Håkon Marcus har eit ekstra hjarte for fantasy og har skapt bodkrig både i Noreg og internasjonalt. Hans boktips er eitt som gjer deg oppdatert på fleire kulturelle uttrykk.

– Hmm, aktuelt boktips? No kjem snart TV-serien Three-Body Problem, så det finst ikkje noko betre tidspunkt å starta på bokserien til Cixin Liu. Det er kald og trykkande eksistensiell scifi-skrekk, om at det einaste som står mellom oss og ein fiende som er oss totalt overlegen, er eit par lysår det vil ta litt tid for dei å tilbakeleggja. Og om TV-serien ikkje blir bra, kan du kome tilbake på jobb etter påske og fortelja alle at boka er mykje betre.


Foto: Pernille Marie Walvik

Forfattar Kathleen Rani Hagen les store mengder bøker og publiserer lister over bøkene ho les på bloggen sin.

– Eg les ikkje krim, så det får bli noko anna. Andromeda, den nyaste boka til Therese Bohman. Fordi det er ein fin, vemodig og interessant hyllest til litteraturen.


Kim Arne Hammerstad

Foto: Privat

Forfattar og statsvitar Kim Arne Hammerstad synest at påska kan vera ei bra tid til å forbarma seg over noko du har gledd deg til å lesa – gjerne noko litt «guilty pleasure».

– Eg er så tradisjonell at eg alltid sparar ei krim- eller thrillerbok til påska, og i år skal eg lesa Patrioter av Ingar Johnsrud. Den har eg gledd meg lenge til å lesa og inneheld noko for kvar ein smak: Eit terrorangrep med ein av verdas dødelegaste gifter som ingrediens, eit demokrati under press og maktkamp i Arbeidarpartiet (sjølvsagt). Om det blir for mykje konfekt, kan eg òg tilrå Agnes Ravatns Dei sju dørene som òg tek føre seg ei krimgåte, men på ein ikkje så krim-tradisjonell måte. Den er ekstremt velskrive og er dessutan særs underhaldande, og kjem til å gå ned på høgkant for dei aller fleste i løpet av påskehøgtida.


Foto: Ole Ekker/Samlaget

Maren Barlien var ein av dei nominerte til Tarjei Vesaas debutantpris for romanen Einbreid bru, og er ikkje framand for å plukka opp bøker på nytt.

– Eg skal til å byrja og lesa Vi er fem av Mathias Faldbakken igjen, ho er frykteleg morosam synest eg. Så kanskje kan det vera anbefalinga mi? Om det helst skal vera noko på nynorsk kan eg jo anbefala mednamsosingen min, Carl Frode Tiller og Innsirkling, som eg las i sumar.


Foto: Gry Traaen/Samlaget

Fett-redaktør Ingvill Kjærstein romandebuterte nyleg på Samlaget med Austvestpassasjen. Ho anbefalar The Haunting of Hill House av Shirley Jackson.

– Det er ikkje krim, men som tittelen tilseier er det ei uhyggeleg bok. Den einsame kvinna Eleanor får eit brev i posten med invitasjon til å delta i eit eksperiment. Ho skal bu i eit avsidesliggande slott saman med ei gruppe framande, som alle på ulikt vis har erfaring med det paranormale. Målet med eksperimentet er å dokumentera at spøkelser eksisterer. Som forventa blir deltakarane heimsøkte, men det som er kanskje endå meir interessant er korleis psyken til Eleanor reagerer på å vera i isolasjon med andre menneske. For å parafrasera opningssetninga i boka: Ingen kan leva i absolutt røyndom over tid utan å gå frå forstanden. Boka er verd å lesa for det vakre språket og den upålitelege forteljaren, i tillegg er ho frykteleg skummel.