Bufdir: Mange unge opplever rasisme i Noreg

45 prosent av dei spurte seier dei er utsette for rasisme.

NPK-NTB
Publisert

Ein høg andel barn og unge opplever rasisme, viser ein ny forskingsrapport bestilt av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Det er Proba samfunnsanalyse, som på oppdrag frå Bufdir har utarbeidd rapporten. Der kjem det fram at 45 prosent av dei spurde meiner seg utsette for rasisme det siste året.

Deltakarane er barn og unge mellom 13 og 24 år.

Sju av ti med afrikansk bakgrunn blir utsette for rasisme, kjem det fram.

–  Dette er ein viktig rapport som gir oss sentral kunnskap i arbeidet med å få bukt med rasisme. Vi veit at rasisme er svært skadeleg for den fysiske og psykiske helsa, og denne rapporten fortel oss noko om kvar skoen klemmer, seier avdelingsdirektør Anna Bjørshol i Bufdir.

Andelane var også høge for dei med bakgrunn frå Midtausten og Asia, høvesvis på 64 og 63 prosent.