Etterforskar rasistiske ytringar etter OL-rykte

Organisasjonen Licra har klaga inn rasistiske ytringar mot den fransk-malisiske artisten Aya Nakamura.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Eit rykte om at president Emmanuel Macron har bede Aya Nakamura synge under opningseremonien for dei olympiske leikane i Paris, har ført til ei bølgje av rasisme mot artisten.

Det skriv fleire franske og internasjonale medium.

Verdsstjerne

Aya Nakamura er i dag ein av Frankrikes mest kjende songarar på verdsbasis. Ho vart i 2018 den første kvinnelege franskspråklege artisten som passerte éin milliard avspelingar på Spotify, og ved starten av 2023 hadde ho ifølgje plateselskapet over 6 milliardar avspelingar.

28-åringen er kjent for hitar som «Djadja», «Copines» og «Hypé». «Djadja» har nesten ein milliard avspelingar på YouTube. Med andre ord er ho eit namn å rekne med når ein snakkar om franske artistar.

Rykta skal ha det til at den franske presidenten er einig i det. I februar møtte han Nakamura. Ifølgje kjeldene til avisa L´Express skal ho synge ein låt av Édith Piaf når OL i sommar går av stabelen i den franske hovudstaden.

Verken Macron eller Nakamura har stadfesta rykta, men det har likevel ført til fleire rasistiske åtak mot artisten frå ytre høgresida og i sosiale medium, skriv avisa Le Monde.

– Skuldar dykk ingenting

Mellom anna har ytre høgre-gruppa Les Natifs synt eit banner langs elva Seinen med teksta «Det skjer ikkje, Aya, dette er Paris, ikkje marknaden i Bamako», som viser til hovudstaden i Mali. Aya Nakaura heiter opphaveleg Aya Danioko, og er fødd i Mali.

Artisten har svara på X, tidelegare Twitter:

– De kan vere rasistiske, men ikkje døve. Det er det som sårar dykk!

Nakamura trekker fram at ho er blitt det største samtaleemnet i debatten i landet.

– Men kva skuldar eg dykk eigentleg? Ingenting, held ho fram.

«Dårleg» fransk

Nakamura skal òg ha blitt samtaleemne, og bua på, under eit valkamparrangement for Éric Zemmour. Ytre høgre-politikaren stilte som presidentkandidat i 2022. Han er tidlegare dømd for hatytringar.

Ein del av kritikken mot artisten går på at ho ikkje syng på «ekte fransk». Ho er kjend for å bruke mykje slang i låtane sine.

– Anten du likar det eller ikkje, fakta er – denne songaren syng ikkje på fransk, sa Marion Maréchal, som er ein av dei mest kjende ytre høgre-politikarane og vise-president i Zemmour sitt parti Reconquête.

Støtte og etterforsking

Påtalemakta i Paris seier dei etterforskar skuldingar om rasistiske åtak mot popstjerna etter ein klage frå antirasisme-gruppa Licra, skriv France 24.

OL-arrangørane har uttalt at dei er sjokkerte over dei rasistiske åtaka mot Frankrikes største musikkstjerne, i kjølvatnet av rykta om at ho skal opptre under opningsseremonien, opplyser avisa.

Også idrettsminister Amelie Oudea-Castera har støtta artisten etter hetsen, og skriv i ein kommentar på X at Nakamura ikkje skal bry seg. Kommentaren er ein direkte referanse til teksta i songen Hymne à l’amour av Édith Piaf.

Kulturminister Rachida Dati løfta saka i nasjonalforsamlinga, og sa at å angripe nokon utelukkande ut ifrå rasistiske grunnar, er uakseptabelt og ei krenking.