Unge Høgre-leiaren vil forby TikTok

Ola Svenneby i Unge Høgre meiner den populære, kinesiskeigde appen TikTok utgjer ein nasjonal tryggleiksrisiko.

NPK/Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg er sikker på at TikTok vil bli forbode. Det er berre eit spørsmål om når. Det er kjent at kinesiske styresmakter har stor innverknad og aktivt brukar teknologi til å påverke opinionen, seier Unge Høgre-leiar Ola Svenneby til E24.

Han meiner appen utgjer ein trugsel mot nasjonal tryggleik og meiner partiet bør gå inn for eit totalforbod av bruk av appen i Noreg under landsmøtet i juni.

– Ideelt sett vil vi også få med oss EU-landa på eit forbod. Det vil gjere det enklare å gjennomføre, seier Svenneby på spørsmål om korleis det praktisk skal gjennomførast.

Svenneby understrekar at ikkje alle appar som er utvikla av kinesiske selskap bør bli forbode, men meiner TikTok er i særstilling på grunn av populariteten til appen og fordi han ofte blir brukt til å påverke barn og unge gjennom algoritmar.

Nyleg vart det også stemt fram eit lovforslag i Representanthuset i USA om å gjere appen forbode.

Både Unge Høgre og leiaren deira er aktive på det sosiale mediet. Svenneby vedgår at TikTok er så stort at det er meiningslaust å ikkje vere der. Om eit forslag om TikTok-forbod blir vedteke av ungdomspartiet, vil dei likevel halde fram å nytte TikTok.