Autistiske Ryan (15) skoten og drepen av politiet

Familien til amerikanske Ryan Gainer ringde politiet då 15-åringen utagerte. Advokaten etterlyser betre metodar frå politiet.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Laurdag skaut og drap politiet i San Bernardino i den amerikanske delstaten California 15 år gamle Ryan Gainer, melder fleire amerikanske medium.

Ringde 911

Familien sin advokat Dewitt Lacy fortel til den lokale tv-stasjonen ABC7 at Ryan Gainer har autisme og brukte å løpa for å roa seg ned.

– Då han kom tilbake var det ein krangel fordi han ville spela dataspel, og måtte gjera pliktene sine, og han byrja å utagera, forklarar advokaten.

Politiet har frigitt video frå to betjentar på staden, der ein ser at Ryan Gainer kjem ut inngangsdøra med ein lang hagereiskap. Videoen viser ikkje augeblinken når Ryan Gainer blir skoten.

Politiet har òg offentleggjort naudsamtalen der søstera ringjer 911 for å få hjelp til å henta inn broren, fordi han knuste ei rute og utagerte mot søstera. Familien hadde tidlegare fått hjelp av politiet til å roa ned slike situasjonar.

– Det var definitivt ikkje det som skjedde her. Desse betjentane skaut Ryan, seier Dewitt til NBC News.

1163 personar drepne av politiet

I fjor vart 1163 personar skote og drepne av amerikansk politi, ifølgje Statista. Dette talet har stige jamt sidan 2017.

Drapet på Ryan er eit av fleire tilfelle der politiet har skote personar med mentale eller psykiske lidingar. I 2020 vart ein 13 år gamal ubevæpna gut med autisme skoten då mor hans ringde 911 for å få hjelp. Guten overlevde, og betjenten vart ikkje tiltalt.

Leiar i organisasjonen Autistic Self Advocacy Network, Zoe Gross, ber politiet gje eit meir fullstendig bilete over kva som skjedde då Ryan Gainer vart skoten.

Ho meiner det har vore for mange døme på overdriven vald, som i nokre tilfelle har vore dødelege, mot svarte på autismespekteret.

– På grunn omfanget av politivald og mengda uoppfylte behov i våre miljø, må me finna alternativ til politiet, seier ho til Los Angeles Times.

Gross peikar på mellom anna spesialtrent medisinsk personell og finansiering av tiltak som støttar pårørande før dei ringjer politiet.

Etterlyser betre metodar

Advokaten til familien meiner politiet burde fått tydeleg beskjed om at det var ein person med mentale utfordringar då dei rykte ut til adressa. Han meiner betjentane burde ta i bruk grunnleggjande kunnskapar frå utdanninga si.

– Dei burde brukt deeskalerande metodar. Eg meiner skota ikkje var føremålstenleg. Ingen liv var i umiddelbar fare.

Det lokale sheriffkontoret har kome med ei utsegn der dei understrekar at tryggingsnettet for personar med mentale utfordringar må styrkast.

– Våre betjentar hanskast med ei tilsynelatande uoverkommeleg mengd med oppdrag dagleg. Brorparten av desse oppdraga endar ikkje valdeleg. Denne gongen enda det i tragedie for Ryan, familien og betjentane som rykte ut. Raskt eskalerande valdelege samanstøyt er dei vanskelegaste, som krev avgjersler på sekundet. Sjølv om desse avgjerslene er lovlege, er dei forferdelege når det kjem til vår medmenneskelegdom. Eg føler med både Ryan sin familie og betjentane som vil streva med dette livet ut, seier sheriffen i San Bernardino, Shannon Dicus, i utsegna.