Meldar Heidi Berakvam synest det er vanskeleg å halda latteren inne når ho les One Piece: Nymåne.

Heidi Berakvam
Publisert
Oppdatert 21.03.2024 08:03

Piratspiren Monkey D. Luffy og venene har gått i land i ein elles så fredfull landsby. Saman med skrønaren Usopp oppdaga dei eit komplott mot Kaya, ei rik, foreldrelaus jente. Dessverre har Usopp ropt «ulv», eller snarare «pirat», ein gong for mykje og ingen i byen vil høyra om piratane som skal herja byen ved daggry. Dette er starten på ein heseblesande kamp med absurde vendingar rundt kvar sving.

Nyutgiving

Nymåne er den fjerde utgåva i Outland si nyutgiving av One Piece-serien som starta i 2023. Forteljinga om Luffy og venene er den mest selde mangaen, altså japanske teikneserien, og blir ofte omtala som ein av dei tre store saman med Naruto og Bleach.

I første bok møter me den unge Luffy, som lever i sjørøvarane si stordomstid og set seg eit mål om å finna den legendariske skatten «One Piece». Luffy et ved eit uhell ei djevelfrukt som gjer at han kan strekka kroppen som gummi, men har den baksida at han ikkje kan svømma.

Som liten åt Luffy ei djevelfrukt som gav han heilt spesielle krefter.

Likevel legg han ut på tokt og på vegen møter han blant anna Roronora Zoro, som vil bli verdas beste sverdmeister, og tjuven Nami, som berre stel frå piratar. Trioen blir etter kvart gode vener, men har alle sterke personlegdomar som går i klinsj sjølv når dei må stå saman mot ein hær av sjørøvarar.

Særleg uttrykker dette seg i dei karikerte teikningane som er typisk for manga. Streken er sprekkfull av kjensler, humor og action som nærmast hoppar ut av papiret. Og det er vanskeleg å halda latteren inne, særleg når gjengen innser at dei har stått og venta på piratane som skal angripa ved feil kyst.

Nami, Zoro og Luffy er uredde i møtet med fienden, i motsetning til deira nye ven Usopp.

Imponerande omsetjing

Det er Vegard Aune som står for omsetjinga, og har omsett bøkene direkte frå japansk. Og det er eit imponerande stykke arbeid som ligg bak. Språket flyt så godt at ein nesten ikkje merkar at det har blitt omsett i det heile, og det må vel seiast å vera målet når ein arbeider med omsetjing.

Dei japanske lydorda og den norske omsetjinga skapar liv i teikningane.

Norske uttrykk sklir rett inn i dialogen og ordspela fungerer godt. No er ikkje denne bokmeldaren særleg kjend med det japanske språket, men eg tvilar på at uttrykk som «å gå som katten rundt den varme grøten» er typiske.

Bøkene er delt inn i fleire små kapittel etter den japanske utgivinga frå 1997. I den vekevise antologien kalla Shonen Jump kunne japansk ungdom lesa eit og eit kapittel. Shonen er ei sjangerinndeling der målgruppa er unge gutar. Det same for jenter blir kalla shojo.

Etter kvart kapittel legg forfattar Eiichiro Oda ved ymse tilleggsstoff, som òg er kome med i bøkene. I denne boka er det spørsmål-og-svar som ein gong i tida blei sende inn av lesarane. Vegard Aune har òg her gjort seg flid med omsetjinga og tar seg nokre kreative fridomar i spalta «SBS – Spørsmål Bes Stilt».

Zoro får endeleg vist sine kampferdigheiter, om enn med berre eitt sverd.

Nye eventyr

Den japanske suksessen kom først ut på norsk i 2005, den gong av Schibsted Forlag. Det blei utgitt 45 nummer av serien, som no ligg på over 100 volum (forutan diverse spin-off-seriar).

Denne gongen er det Outland som står bak utgivingane, som har jamt kome ut med 3-4 månaders mellomrom. Grunna den originale, vekevise utgivinga får me ikkje runda av historia til Usopp og piratane som angrip i Nymåne. Men det er altså ikkje lenge å venta til neste eventyr med den sjarmerande og dumdristige gjengen.