Februar er «Black History Month». Her er seks unike filmar for deg som vil få meir innsikt.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

I USA er februar dedikert til å minnast svart historie. Dette er ein tradisjon me i Noreg har begynt å adoptera.

For å markera «Black History Month», har eg samla seks filmar knytt til svart historie eller opplevingar.

Desse filmane er ikkje tradisjonelle historiske filmar om kjente svarte figurar eller historiske hendingar, men kreative, gøyale fiktive forteljingar som fortel om svart historie og opplevingar på ein unik måte:

Moonlight (Berry Jenkins)

Moonlight av Barry Jenkins kom ut i 2016, og er ein poetisk film om korleis det er å vera ein skeiv svart mann i USA. Samspelet mellom å vera svart og skeiv er noko som ikkje blir omtalt mykje i media. Difor er Moonlight ein utruleg viktig film. Filmen blir hylla som ein av dei beste filmane om å vera skeiv og svart, noko som han soleklart har fortent.

Handlinga i Moonlight er tredelt: Første delen handlar om hovudkarakteren Chiron sin barndom, den andre tar føre seg tenåra hans, og siste delen er om livet hans som vaksen. Gjennom desse tre delane følgjer ein Chiron medan han navigerer seg gjennom fattigdom, mobbing på skulen, fråverande mor, og identiteten sin.

Moonlight viser sjåaren korleis ein hypermaskulin kultur som fordømmer alt som vik frå den, er skadeleg for menn, spesielt skeive menn. Chiron, som er skeiv, blir plaga av homofobi og demaskulinisering på grunn av legninga si, men filmen står fast i at ein ikkje er mindre mann fordi ein er skeiv.

Moonlight bringar nytt lys over forholdet mellom maskulinitet og skeivheit, og gjev oss ein hovudkarakter med så mykje djupne, kompleksitet og menneskelegheit at ein trur at filmen er ein dokumentar. Moonlight kunne like godt ha vore ein dokumentar, fordi Chiron sitt liv speglar livet til så mange skeive afroamerikanarar.

Kor: Apple TV, TV 2 Play og Amazon Prime Video
Speletid: 1 time og 51 minutt


 

They Cloned Tyrone (Juel Taylor)

I 2023 fekk me ein ny science fiction-film frå Juel Taylor om kloning og konspirasjonar. They Cloned Tyrone er ein spektakulær satire om korleis styremaktene undertrykker afroamerikanarar.

I rollebesetninga finn me John Boyega, Teyonah Parris og Jamie Foxx. Denne trioen er fantastiske i rollene sine, og bringar karakterane til liv med talent og karisma. I tillegg er kjemien mellom hovudkarakterane fantastisk, og kjennest naturleg.

Filmen handlar om Fontaine og livet hans som dopseljar. Når Fontain kjem i konflikt med lokale dopseljarar, blir han dratt inn i ein konspirasjon som skal endra livet hans. Saman med Slick Charles og Yo-Yo, reiser trioen rundt nabolaget, og prøver å avsløra kva som hender i det skjulte.

Det er alltid forfriskande med science fiction sentrert rundt svarte menneske og deira opplevingar i verda. They Cloned Tyrone klarar å balansera dei gøyale science fiction-aspekta med dyster samfunnskritikk. Science fiction-elementa blir nytta satirisk til å fortelja om opplevingane til afroamerikanarar i fattigare strøk. Dersom ein ser bort ifrå klonar og tankekontroll, fortel They Cloned Tyrone om sosial kontroll og rasisme.

They Cloned Tyrone er også ein komedie – han er morosam, sjølv om filmen tek føre seg tunge tema. Komedien forsterkar den bisarre handlinga, og dessutan kor tåpeleg dei rasistiske skurkane oppfører seg. Ikkje minst, er komedien perfekt tima, og ein får fleire gode latterar gjennom filmen.

Dersom ein er glad i bisarr science fiction, og har lyst til å læra om rasisme på ein unik måte, er They Cloned Tyrone den perfekte filmen.

Kor: Netflix
Speletid: 2 timar og 2 minutt


 

BlacKkKlansman (Spike Lee)

Under «Black History Month» er det ekstra aktuelt med filmar som handlar om å nedkjempa og grusa rasistar. BlacKkKlansman eit godt eksempel på dette. BlacKkKlansman er ein krim-komedie delvis basert på ei sann historie, regissert av den ikoniske Spike Lee.

Med fantastiske kostyme og John D. Washington, Adam Driver og Laura Harrier i rollebesetninga, blir ein dratt inn i 70-talet. Alle hovudkarakterane er spektakulære, og kjemien mellom dei kjennest naturleg.

I BlacKkKlansman følgjer me Ron Stallworth som nyleg blei den første svarte politimannen i Colorado Springs. Stallworth er lei av å jobba på kontor, og spør om å jobba som politi under dekke. Etter ei stund som politi under dekke, bestemmer Stallworth seg for å infiltrera den lokale Ku Klux Klan-gruppa. Stallworth lèt som han er ein kvit mann når han snakkar med den lokale KKK-leiaren på telefonen. Seinare, når Stallworth skal på lokallagsmøtet til KKK, blir han nøydd til å bruka kollegaen Flip Zimmermann til å etterlikna han.

Sjølv om Spike Lee har tatt seg mange fridommar for å fortelja denne sanne historia, øydelegg ikkje dette for realiteten av hendingane. KKK-medlemane er komisk vonde, slik dei er i røyndommen. Framstillinga av politiet er ikkje overdriven, det er slik dei oppfører seg i røyndommen. BlacKkKlansman er ikkje redd for å visa dei stygge, og valdelege sidene av institusjonell rasisme – filmen er ærleg, og sluttsekvensen understrekar dette punktet.

BlacKkKlansman er rett og slett ein badass film – ein følar seg som ein episk anti-rasismeforkjempar etter at ein har sett filmen, og ikkje minst, er han også svært lærerik.

Kor: Netflix
Speletid: 2 timar og 14 minutt


 

Touki Bouki (Djibril Diop Mambety)

Touki Bouki er ein senegalesisk klassikar frå 1973 regissert av Djibril Diop Mambety. Sjølv om Touki Bouki ikkje er kjent for mange, er han omtalt av kritikarar som ein av dei beste filmane som nokon gong er laga.

Filmen handlar om gjetaren Mory og partnaren hans Anta som ynskjer å reisa til Paris ettersom Senegal ikkje byr dei noko. For å samla nok pengar køyrer dei rundt på Mory sin motorsykkel og svindlar rike menneske. På reisa møter dei mange interessante figurar og hamnar i mange merkelege situasjonar.

Touki Bouki passar best for dei som likar kunstnariske og eksperimentelle filmar. Mambety tek i bruk ikkje-kronologisk forteljarmetode, desorienterande scener og musikk, og det er mykje klipping av scener. Alt dette gjer filmen kaotisk, men det er poenget – filmen skal følast kaotisk. Difor er Touki Bouki ein film ein må sjå minst to gongar for å forstå han skikkeleg.

Ved å bruka ukonvensjonell filmlaging, klarar Mombety å gje sjåaren eit nytt innblikk i det postkoloniale Senegal. Filmen er prega av senegalsk kultur, og sidan Mombety ikkje er interessert i konvensjonell forteljarmetode, viser han kulturen gjennom vakre og poetiske scener, og fortryllande musikk. Dette gjer Mombety også med måten filmen viser effekten postkolonialisme har på Senegal. Sjølv om kolonialismen er over, er han framleis synleg om ein har auga opne.

Touki Bouki er ein sterk film om draumar og håp i eit postkolonialt land, og er viktig å få med seg dersom ein vil læra meir om den afrikanske filmkunsten.

Kor: Internett Archive
Speletid: 1 time og 35 minutt


 

Sorry to Bother You (Boots Riley)

Akkurat som They Cloned Tyrone, er Sorry to Bother You ein absurd science fiction-komedie. Filmen kom ut i 2018, og er regissert av Boots Riley.

LaKeith Standfield speler hovudrolla Cassius «Cash» Green, og han er heilt genial i rolla. Når det gjeld krevjande og eksentriske karakterar, evnar Standfield alltid å gje karakterane liv, nærmast som om han blir til karakterane sjølv – det er heilt utruleg.

Cash er ein fattig mann som bur saman med kjærasten sin, Detroit (Tessa Thompson). For å betala husleiga, får han seg ein jobb som telefonseljar. Først, har Cash vanskar med å tilpassa seg jobben, men når han lærar seg å bruka si «kvite stemme», blir han mykje flinkare til jobben og klarar å selja mange fleire produkt. Jo flinkare han blir til jobben, jo djupare blir han dregen inn i bedrifta han jobbar for.

Eg kan ikkje understreka nok at Sorry to Bother You er ein merkeleg film, men det er det beste ved han. Riley er glad i å bruka absurde og komiske konsept og karakterar for å fortelja om problem i røyndommen. Det absurde i filmen får ein til å tenkja at dei verkelege aspekta av filmen er like absurde som dei uverkelege.

Det viktigaste temaet filmen tek opp, er koplinga mellom rase og klassekamp. Samtidig som rasisme er den store fienden i filmen, er kapitalismen like vond mot svarte menneske. Desse kreftene samarbeider for å undertrykkja svarte menneske.

Sorry to Bother You er for dei som er interessert i å læra koplinga mellom rase og kapitalisme, samtidig som ein får oppleva ein film som kjennest som ein feberdraum.

Kor: Viaplay, YouTube, Apple TV
Speletid: 1 time og 50 minutt


 

Get Out (Jordan Peele)

Dersom du ikkje har sett Get Out endå, då har du gått glipp av ein av dei beste skrekkfilmane frå 2010-talet. Get Out er den første filmen Jordan Peele har regissert, og han kom ut i 2017.

I rollebesetninga er Daniel Kaluuya, Allison Williams, og favoritten min LaKeith Standfield. Det er vanskeleg å tenkja seg nokon andre i rollene enn akkurat desse skodespelarane – dei smeltar saman med karakterane sine, og gir liv til dei.

Get Out handlar om Chris Washington si reise til New York saman med hans kvite kjærast Rose, for å møta familien hennar. Ferien startar bra, og Chris kjem godt overeins med foreldra til Rose, men etter kvart byrjar Chris å leggja merke til merkelege hendingar rundt omkring huset. Foreldra til Rose inviterer venene sine til ein fest heime hos seg. Under festen møter Chris underlege menneske, og mysteriet eskalerer.

I Get Out er det ingen spøkelse eller demonar – det er den rasistiske familien som er monsteret. Rasisme er den store vondskapen i filmen, og Peele brukar rasistiske idear og mikroaggresjonar på ein unik måte. Når noko rasistisk blir gjort eller nemnd i Get Out, blir ein ikkje berre ukomfortabel, ein blir også skremt.

Sjølv om Get Out er ein fiktiv film, kjennest måten Chris blir behandla på gjennom filmen verkeleg. Ein kan føla at Chris er vand til rasismen, og lar vera å seia noko for å unngå konflikt. Dette er noko dei fleste svarte menneske kan relatera til, og filmen gir ei utruleg realistisk framstilling av dette.

For dei som er glade i skrekkfilmar, er Get Out ein film ein må sjå. I same slengen, får ein ny innsikt om rasisme og mikroaggresjonar.

Kor: Amazon Prime Video, Viaplay
Speletid: 1 time og 44 minutt