Naturvernarar meiner Efta-domstolen må vurdere Førdefjorden-dommen
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ankar dommen om dumping av gruveavfall i Førdefjorden til lagmannsretten. Dei vil ha spørsmålet vurdert av Efta-domstolen.
– Vi reagerer sterkt på dommen frå Oslo tingrett. No har vi anka saka, og vi er klare til å ta den heilt til Høgsterett om nødvendig, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet.
Miljøorganisasjonane meiner at løyva til staten til gruvedrift med dumping av opptil 170 millionar tonn gruveavfall er ugyldige. I anken er søksmålet avgrensa til EUs vassdirektiv og forbodet mot forureining av ein vassressurs, slik staten har tillate i Førdefjorden.
Efta-vurdering
Miljøorganisasjonane ber lagmannsretten om å leggje spørsmålet fram for Efta-domstolen for å få ein rådgivande uttale om korleis ein skal forstå regelen.
Efta-domstolen er ein overnasjonal domstol oppretta at dei Efta-statane som i 1994 vart ein del av EUs indre marknad gjennom EØS-avtalen.
Lang kamp
Nordic Mining, som planlegg gruvedrift i fjellet, har fått løyve av staten til å deponere gruveavfallet i fjorden. Sidan 2008 har miljøvernarar kjempa for å hindre at gruveavfall skal dumpast i Førdefjorden.
Dei meiner også at gruveavfallet vil ramme livet i Førdefjorden hardt. Fire lakseførande vassdrag renn ut i fjorden, som har særskilt vern som nasjonal laksefjord.