Indisk politi slapp fri mistenkt spiondue

Dua var åtte månader på eit dyresjukehus før ho blei sloppe fri.

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka var først publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.

Indisk politi slapp førre veke fri ei due som var mistenkt for å vere kinesisk spion.

I mai i fjor blei dua fanga i Mumbai. Ho hadde to ringar knytt til føtene. Ifølge lokale media såg det ut til at beskjedane var skrivne på kinesisk. Politiet mistenkte at dua var knytt til spionasje og sende ho til i eit dyresjukehus mens dei etterforska saka vidare, skriv The Guardian.

Der var dua åtte månader før politiet fann ut at ho var ei brevdue frå Taiwan som hadde rømt. Tysdag førre veke slapp politiet fri dua slik at ho fekk fly vidare.

The Guardian skriv at det ikkje er første gong indisk politi har arrestert fuglar. I både 2016 og 2020 har duer blitt mistenkte for å vere spionar.