Boka Må vi slutte med olje? gjev ei særs lettlesen forklaring på utfordringane oljestaten Noreg står overfor. Ikkje berre born, men òg vaksne, bør lesa ho. 

Magnus Rotevatn
Publisert

Det kunne ha blitt kulturkrig då Cappelen Damm i fjor haust gav ut faktaboka Må vi slutte med olje? av Anne Karin Sæther. Få spørsmål er så sensitive.

Attpåtil var boka skrive for born. Ein kan nesten høyra korleis det ljomar «propaganda!» og «indoktrinering!» i tastatura til nett-troll landet over.

«Må vi slutte med olje?»

Forfattar: Anne Karin Sæther

Illustratør: Kristine Sand

Forlag: Cappelen Damm

Utgjeve: Hausten 2023

Sjanger: Sakprosa for born

Heldigvis så brukar Sæther ei pedagogisk og u-polemisk innestemme. Det er nær sagt umogleg å ta ho på noko som helst.

Treng ingen forkunnskapar

Eg trur det er mange som er forvirra når det gjeld framtida til olja. Det er lett å gå seg vill.

Leiande forskarar og offentlege utval meiner at ein oljestopp er heilt naudsynt. Men regjeringa seier at det er uaktuelt å slutta med olje. Somme meiner endåtil at norsk olje og gass er bra for klimaet.

Dette blir jo ein uforståeleg kakofoni.

Då er det jammen godt at denne boka kjem til unnsetning. Forfattaren guidar oss stødig gjennom tematikken.

Her treng ein ingen forkunnskapar. Me byrjar med det heilt grunnleggjande og sveiper innom spørsmål som «kva er eigentleg olje?», «korleis starta den norske oljesoga?» og «kva blir gjort med klimaproblemet?» Og ikkje minst, «kva betyr olja for Noreg?»

Resultatet er ei ypparleg bok for alle dei som vil ha nok innsikt til å sjølvstendig gjera seg opp ei meining.

Berre småplukk

Av kritiske innvendingar er det berre småplukk å koma med.

Forlaget skriv at boka passar for «nysgjerrige og engasjerte barn fra 9 år og oppover». Det skjer av og til at tankespranga blir så store at ein normal niåring – og ganske mange vaksne – vil slita med å henga med.

Til dømes så må lesaren kunna ein del om kjemi, viss hen skal forstå at stoff som inneheld mykje karbon, har høgare CO₂-utslepp enn stoff med lite karbon. Her må samanhengen bli forklart.

Eg synest òg at forfattaren burde våga å vera tydlegare. Tonen ber litt vel mykje preg av på-den-eine-og-andre-sida utan at argumenta blir vegne opp mot kvarandre. Kva skal lesaren sitja igjen med?

Elles burde språkvasken tatt meir omsyn til målgruppa. Språket kunne vore mindre komplisert og gamaldagse ord – som «jernvarehandel» – erstatta.

Tek ungar på alvor

Uansett kva ein meiner om saka, er oljespørsmålet kanskje den viktigaste politiske nøtta i Noreg. Og demokratiet er avhengig at dette ikkje blir ei komplisert sak nokre få snakkar om.

Særleg skal Anne Karin Sæther og Cappelen Damm ha ros for å ta ungar på alvor. Det er trass alt dei som har mest å vinna eller tapa.

Må vi slutte med olje? blir forhåpentlegvis hyppig utlånt på skulebiblioteka.

Men òg vaksne kan trenga ein pust i bakken for å hengja med. Dette er framifrå lesnad for alle som treng kunnskap om olje, klima og miljø. Anten ein er forelder, lærar, tilsett i eit oljeselskap, klimaminister – eller berre eit medmenneske.

Dessverre er nok dei fleste vaksne altfor forfengelege til å lesa ei barnebok. Forlaget bør difor vurdera å gje ut den same teksten innpakka i eit kjedeleg og streit omslag.